Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / PL491 Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur  

PL491 Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Kode
PL491

Norsk namn
Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Engelsk namn
Bachelor Thesis in Landscape Planning with Landscape Architecture

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
20,00

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur

Semester
Vårsemester 3. studieår. Det er føresett at feltarbeid vert utført sommaren etter 4.semester. Frist for val av tema er 1. april i 4. semester.

Forkunnskapar

Krav for å ta til på bacheloroppgåve: Greidd 90 studiepoeng av emna i i bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur eller tilsvarande.

Innhald/oppbygging

Oppgåva kan vere naturvitskapeleg eller ha planfagleg karakter. Oppgåva må veljast innan fagfelt der ein har rettleiingskompetanse og -kapasitet ved AIN.

Undervisnings- og læringsformer

Sjølvstendig studentarbeid med rettleiing av ein eller fleire faglærarar. Det er ønskjeleg at 2 - 3 studentar går saman om ei oppgåve.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne:
- gjennomføre eit sjølvstendig prosjektarbeid,
- gjennomføre innsamling av datamateriale,
- syntesearbeid,
- presentasjonsteknikk og
- vitskapleg forfattarskap.
Etter gjennomført og godkjent bacheloroppgåve skal kandidaten kunne gjere sjølvstendige utgreiingar med vurderingar av viktige naturfaglege, landskapsøkologiske, samfunnmessige og planfaglige tema. Kandidaten skal kunne å definere problemstilling og målsetting, gjere greie for metodar, finne fram til og bruke litteratur og kjelder på ein korrekt måte, inkludert kjeldekritikk, og vere i stand til å kunne gi ei balansert framstilling av temaet. Kandidaten skal kunne korleis ein fagrapport skal byggast opp og presenterast, og kunne formidle hovudtrekka i ein fagrapport på ein forståeleg måte (skriftleg og munnleg).

Sluttvurdering

PL491

BO Bacheloroppgåve. Bokstavkarakter

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
27.04.2010