Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / SØ6-400 Økonomi i helse- og velferdssektoren  

SØ6-400 Økonomi i helse- og velferdssektoren

Kode
SØ6-400

Norsk namn
Økonomi i helse- og velferdssektoren

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
7,50

Fagleg overlapp
Fullt overlapp med økonomidelen i JU6-400 Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren

Kategori
Obligatorisk for masterstudiet i organisasjon og leiing – helse- og velferdsleiing og årsstudiet i helse- og velferdsleiing. Studieplan 2010-2014.

Semester
Tredje semester i masterstudiet/årsstudiet.

Forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Innhald/oppbygging

Desse tema vert tekne opp:

  • Finansiering av velferdsstaten
  • Produksjons- og kostnadsteori
  • Marknadsteori
  • Resultatvurdering i helse og velferdssektoren
  • Samfunnsøkonomisk og føretaksøkonomisk lønsemd
  • Budsjettering i helse- og velferdssektoren
  • Økonomistyring i helse- og velferdssektoren
Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, utarbeiding av svar på øvingsoppgåve utlevert av faglærar, individuell eller gruppevis rettleiing i samband med oppgåver. Sjølvstudium.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal gå ut med kunnskapar om økonomiske tema som er nødvendige for å vere leiar i helse- og velferdssektoren. Dei skal kunne bruke økonomisk teori til å analysere dei utfordringane som oppstår når økonomiske ressursar skal nyttast på best muleg vis. Gjennom å heve si økonomisk forståing skal dei også kunne styrke evna til å kommunisere effektivt med fagøkonomiske miljø.

Arbeidskrav

Ingen arbeidskrav

Sluttvurdering

SØ6-400

HE Heimeeksamen. Svar på utleverte oppgåver innan dato gjort kjend av faglærarar. Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene. Bokstavkarakter.

Pensum

Pensumliste vert gjort kjend ved semesterstart.

Sist revidert av
Jon Gunnar Nesse

Sist revidert dato
22. mars 2010