Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / JU6-403 Jus i utdanningssektoren  

JU6-403 Jus i utdanningssektoren

Kode
JU6-403

Norsk namn
Jus i utdanningssektoren

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
7,50

Fagleg overlapp
Fullt overlapp med jusdelen i JU6-401 Økonomi og jus i utdanningsleiing

Kategori
Obligatorisk for masterstudiet i organisasjon og leiing – utdanningsleiingleiing og årsstudiet i utdanningsleiing. Studieplan 2010-2014.

Semester
Haust. Tredje semester i masterstudiet/årsstudiet.

Forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Innhald/oppbygging

Emnet gjev ei innføring i juridisk tenkemåte og dei viktigaste rettsreglane som regulerer skulens verksemd i forhold til elevar, foreldre og tilsette.

Døme på tema som blir tekne opp:

  • Innføring i juridisk metode- og rettskjeldelære
  • Tolkingslære til bruk for tolking av lover og forskrifter.
  • Forvaltningsrett i skulen – alminnelege forvaltningsrettslege grunnprinsipp og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.
  • Teieplikta i skulen
  • Rett og plikt til grunnskuleopplæring
  • Arbeidsrett i skulen
  • Samarbeid skule – heim
  • Skulens erstatningsansvar
Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, utarbeiding av svar på øvingsoppgåve utlevert av faglærar, individuell eller gruppevis rettleiing i samband med oppgåver. Sjølvstudium.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane kjenne seg trygge på at dei kan utøve faglig og administrativ leiing av utdanningsinstitusjonar innanfor dei grensene som rettsreglane set.

Arbeidskrav

Ingen arbeidskrav

Sluttvurdering

JU6-403

HE Heimeeksamen. Svar på utleverte oppgåver innan dato gjort kjend av faglærarar. Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene. Bokstavkarakter.

Pensum

Pensumliste vert gjort kjend ved semesterstart

Sist revidert av
Jon Gunnar Nesse

Sist revidert dato
22. mars 2010