Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / JU6-402 Jus i helse- og velferdssektoren  

JU6-402 Jus i helse- og velferdssektoren

Kode
JU6-402

Norsk namn
Jus i helse- og velferdssektoren

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
7,50

Fagleg overlapp
Fullt overlapp med jusdelen av emnet JU6-400 Økonomi og jus i helse- og sosialsektoren

Kategori
Obligatorisk for masterstudiet i organisasjon og leiing – helse- og velferdsleiing og årsstudiet i helse- og velferdsleiing. Studieplan 2010-2014.

Semester
Tredje semester i masterstudiet/årsstudiet.

Forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen

Innhald/oppbygging

Emnet skal gje studentane innsyn i juridisk metode- og rettskjeldelære. Særleg skal studentane lærast opp til å tolke rettsreglar. Vi vil gå gjennom dei viktigaste reglane innan forvaltningsretten og helse- og velferdsretten, og splitte reglane opp i vilkår/verknad. Studentane skal også lære forskjellen på materielle reglar og sakshandsamingsreglar. Døme på tema som blir tekne opp:

  • Den juridiske tenkemåten
  • Innføring i juridisk metode- og rettskjeldelære
  • Tolkingslære til bruk for tolking av lover og forskrifter.
  • Forvaltningsrett– alminnelege forvaltningsrettslege grunnprinsipp og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.
  • Teieplikta
  • Dei materielle hovudreglane i pasientrettighetslova, helsepersonellova, lov om psykisk helsevern, kommunehelsetenestelova, tannhelsetenestelova, folketrygdlova, sosialtenestelova og barnevernlova
Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, utarbeiding av svar på øvingsoppgåve utlevert av faglærar, individuell eller gruppevis rettleiing i samband med oppgåver. Sjølvstudium.

Arbeidskrav

Ingen arbeidskrav

Sluttvurdering

JU6-402

HE Heimeeksamen. Svar på utleverte oppgåver innan dato gjort kjend av faglærarar. Formelle krav til innleveringa vert gjort kjende ved utdeling av oppgåvene. Bokstavkarakter.

Pensum

Pensumliste vert gjort kjend ved semesterstart.

Sist revidert av
Jon Gunnar Nesse

Sist revidert dato
22. mars 2010