Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / Organisasjon og leiing, masterstudium – helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing, H-2010  

Organisasjon og leiing, masterstudium – helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing, H-2010

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Organisasjon og leiing, masterstudium – helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing, H-2010

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
120 studiepoeng

Organisering
Studiet er organisert som eit deltidstilbod over åtte semester. Studentane tek først årsstudiet i utdanningsleiing eller helse- og velferdsleiing over fire semester. Deretter held dei fram på masteremne som er felles for begge studieretningane.

Undervisninga for 2010-kullet føregår i Bergen. Tilbodet er eit samarbeid mellom HSF og Folkeuniversitetet i Hordaland.

Organisering 2
Desentralisert (utanfor Sogndal, Førde, Sandane) / Off Campus

Normert studietid
To årsverk fordelt over fire år

Innleiing

Masterstudiet i organisasjon og leiing med valfri spesialisering enten i helse- og velferdsleiing eller i utdanningsleiing tek sikte på å kvalifisere studentane til organisasjons- og leiaroppgåver i dei mjuke sektorane i offentleg forvaltning. Studiet er basert på læringsformer som ikt, problemorientering og eigenutvikling gjennom tekstutforming.

Målgruppe

Studiet rettar seg mot personar i yrkeslivet som søkjer relevant kunnskap og innsikt for å ha leiar- og administrasjonsstillingar innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren. Målgruppa er personar med avslutta grunnutdanning og med praksis frå dei aktuelle sektorane.

Høgskulen vil i samarbeid med den enkelte student legge til rette for at personar som er i arbeid kan gjennomføre studiet: Dette gjer vi mellom anna gjennom fleksibilitet når det gjeld gjennomføringstid og tidspunkt for levering av skriftlege arbeid.

Opptakskrav

For opptak til studiet gjeld desse krava til utdanning:

  •  Avslutta grunnutdanning – minimum 3 år – på eitt av dei profesjonsområda som studiet dekkar. Døme på slike utdanningar er allmenn- og førskulelærarutdanning, sosionom, barnevern, sjukepleie, fysioterapi og vernepleie.
  • Andre relevante fagkombinasjonar på cand. mag.-nivå eller tilsvarande.
  • Studentane må dessutan ha minst to års praksis frå yrket dei har kvalifisert seg for. Praksisen må som hovudregel vere gjennomført etter avslutta grunnutdanning. Det er høve til å dispensere frå kravet om praksis dersom særlege grunnar ligg føre (t.d. personar som nyleg har omskulert seg).

Kandidatar som fyller opptakskriteria, og som har teke eittårig vidareutdanning i utdanningsleiing/ utdanningsadministrasjon eller helse- og sosialleiing/ helse- og sosialadministrasjon ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eller liknande studium, kan takast direkte opp i steg 2 i masterprogrammet.

Læringsmål

Utdanne kandidatar som kan gå inn i krevjande leiarstillingar i utdannings- eller helse- og velferdssektoren

Innhald / oppbygging

Masterstudiet i organisasjon og leiing - helse- og velferdsleiing eller utdanningsleiing utgjer 120 studiepoeng. Studiet består av to steg.

Tabellen nedanfor syner oppbygginga av studiet:

Master steg 2

Forskingsstrategiar og metode (15 sp.)

Styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar (15 sp.)

Masteroppgåve (30 sp.)

Master steg 1

(Årsstudiet i utdanningsleiing/ helse- og velferdsleiing)

Leiing og endring av organisasjonar (15 sp.)

Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar / Leiing av pedagogisk verksemd (15 sp.)

Sektorvise emne i økonomi (7,5 sp.) og jus (7,5 sp.)

Helse- og velferdspolitikk / utdanningspolitikk (15 sp.)

 Heile eller deler av emna vil bli gjennomført som felles undervisning for studia i helse- og velferdsleiing og utdanningsleiing. Leiing og endring av organisasjonar er eit felles emne, medan dei andre emna som inngår i Master steg 1/årsstudia er sektorspesifikke. Master steg 2 er i stor grad basert på felles undervisning, men masteroppgåva er eit individuelt arbeid under rettleiing av ein oppnemnd fagperson.

Steg 1 må gjennomførast før studentane kan ta til med steg 2. Ein føresetnad for å starte med masteroppgåva og få rettleiing til denne er at ein er ferdig med alle dei andre emna i studiet. Ut over dette vil det bli lagt vekt på fleksibilitet når det gjeld studentane si gjennomføring av emna.

I steg 1 opnar vi for at studentar som har gjennomført andre fagleg relevante emne på nivå over grunnutdanning (vidareutdanningar og masterutdanningar) innan organisasjon og leiing kan søke om fritak for enkelte emne. Emne som vil kunne bli erstatta er leiing og endring av organisasjonar, leiing av pedagogisk verksemd og økonomi og jus i utdanningsleiing.

Som ein bakgrunn for arbeidet med masteroppgåva skal studentane setje seg godt inn i vitskapsteori og samfunnsvitskaplege metodar gjennom emnet Forskingsstrategiar og metode. Målet er å både gje eit oversyn over ulike forskingsstrategiar generelt og gje eit grunnlag for sjølvstendig vurdering av forskingsresultat. Emnet skal vidare gje grunnlag for tileigning av metodekunnskapar til bruk i samband med masteroppgåva.

Målet med masteroppgåva er at studentane skal lære å bruke vitskaplege metodar på ei bruksretta problemstilling. Den kan gjerne vere knytt til eit arbeidsområde studenten sjølv har erfaring med. Oppgåva kan gjennomførast som ei empirisk undersøking knytt til det valde problemområdet, eller som eit analytisk arbeid. I begge tilfella vil det bli lagt vekt på at studentane skal kunne nytte teoretiske perspektiv og omgrep til å drøfte empiriske problemstillingar knytte til utdanningssektoren eller helse- og velferdssektoren.

Studiet blir gjennomført som deltidsstudium over åtte semester. Gjennomføringsplanen går fram av emneoversikta under.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er bygd opp rundt samlingar med førelesingar, seminar og gruppearbeid. På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar av eige og andres prosjekt.

Mellom samlingane skal studentane arbeide med pensumlitteratur og oppgåver. Det vert lagt vekt på å utvikle bruken av ikt som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet. Det er ein føresetnad for gjennomføring av studiet at studentane har tilgang til e-post og internett. Fronter eller tilsvarande verktøy skal nyttast aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform.

I kvart emne er det venta at studentane sjølve arbeider med tekstar som på ulike måtar bidreg til innlæring av fagstoff. Studentane får tilbod om og har krav på rettleiing individuelt eller i grupper i utforming av tekstane. Heile eller delar av tekstane skal leverast inn til mappe for sluttvurdering og fungerer då som eksamen.

Tabellen nedanfor syner dei ulike tekstane som skal arbeidast med i kvart emne:

Sem.

Emne

Teksttypar

1

Leiing og endring i organisasjonar

Bruke relevant teori i drøfting av organisasjonsproblem eller utfordringar på eigen arbeidsplass

2

Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar

Leiing av pedagogisk verksemd

Utarbeiding av dokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass

3

Økonomi og jus (sektorvise emne innan utdanning/helse- og velferd)

Utarbeide svar på oppgåver utleverte av faglærar

4

Utdanningspolitikk

Helse- og velferdspolitikk

Fagleg paper/artikkel: Bruke relevant teori i drøfting av eit fagleg problem. Notat: Drøfting av eigen læringsprosess og eige læringsutbytte

5

Forskingsstrategiar og metode

Utarbeide metodeskisse med relevans for masteroppgåva

6

Styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar

Framstilling av litteratur med relevans for forskingsprosjekt

7

Masteroppgåve

Utkast til tekstar som skal inngå i masteroppgåva

8

Masteroppgåve

Utkast til masteroppgåve

 Studiet stiller krav om sjølvstendig pensumgjennomgang, ansvar for eiga læring mellom samlingane og aktiv tilnærming til dei problemstillingane studentane vert presenterte for.

Studentane har krav på rettleiing i samband med fagtekstar og masteroppgåve.

Læringsutbyte

Etter avslutta studium skal studentane ha tileigna seg generelle kunnskapar om organisasjon og leiing på ein slik måte at dei i tillegg til å vere profesjonelle yrkesutøvarar skal kunne gå inn i krevjande leiarstillingar helse- og velferds- eller utdanningsinstitusjonar. 

Studentane skal gjennom studiet ha tileigna seg kunnskapar om bakgrunnen for, og innhaldet i, endringar i offentleg sektor og om korleis institusjonar/organisasjonar, avdelingar og medarbeidarar tek imot og implementerer endring og omstilling.

Vidare skal studentane kunne gjennomføre analyser av eigne og andre organisasjonar, og ved bruk av teoriar om læring, leiing, endring og omstilling ha kunnskapar om, og kunne gjennomføre, endrings- og forbetringstiltak i organisasjonane.

Arbeidet med masteroppgåva skal i særleg grad kvalifisere studentane  til å gjennomføre sjølvstendig utviklings- og analysearbeid på organisasjonsnivå. 

Praksis

Det blir ikkje stilt krav til praksis undervegs i studiet.

Studieopphald i utlandet

Det er ikkje lagt opp til studieopphald i utlandet.

Arbeidskrav

Tabellen nedanfor gir ei samla oversikt over arbeidskrava i kvart emne:

Sem.

Emne

Arbeidskrav

1

Leiing og endring i organisasjonar

A-krav nr. 1: Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet

2

Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar

Leiing av pedagogisk verksemd

A-krav nr. 2: Læringsdokument i form av 4 korte refleksjonsnotat (1-3 sider) utarbeidde mellom samlingane

3

Økonomi og jus (sektorvise emne)

Ingen arbeidskrav

4

Utdanningspolitikk
Helse- og velferdspolitikk

A-krav nr. 3: Læringsdokument i form av 4 korte refleksjonsnotat (1-3 sider) utarbeidde mellom samlingane

5

Forskingsstrategiar og metode

A-krav nr. 4 og 5: To innleverte oppgåveløysingar i løpet av emnet

6

Styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar

A-krav nr. 6: Læringsdokument i form av 4 korte refleksjonsnotat utarbeidde mellom samlingane

7-8

Masteroppgåve

A-krav nr. 7: Idéskisse for masteroppgåve. Skriftleg eller munnleg presentasjon

A-krav nr. 8: Munnleg presentasjon av masterprosjektet for rettleiarar og medstudentar

 Arbeidskrava skal godkjennast av dei ansvarlege faglærarane, eventuelt av faglærarar utpeikte av studieleiaren. Generelt er godkjende arbeidskrav eit vilkår for å kunne gå opp til eksamen i eit emne.

Det er utforma eigne retningsliner for innhaldet i arbeidskrava.

Sluttvurdering

Det vert ikkje lagt opp til nokon form for tradisjonell skuleeksamen. Det er lagt opp til tett samband mellom fagtekstar og sluttvurdering (mappe) i dei fleste emna. Sluttvurderinga er basert på individuelle innleveringar om ikkje noko anna går fram av emneomtalen til dei enkelte emna i studiet. Sjå emnetabell under.

Det vert nytta bokstavkarakterar i alle vurderingar dersom ikkje anna står i emneomtalen. Intern/ekstern sensur skjer etter eigen plan på avdelingsnivå.

Pensum

Pensumlitteraturen skal i tillegg til å gje oversyn over eit emne reflektere det som til ei kvar tid ny og forskingsbasert kunnskap innan emnet. Pensum kan derfor bli endra og supplert undervegs i studiet. Dei oppgjevne pensumlistene må derfor oppfattast som døme på aktuell litteratur. Den endelege pensumlitteraturen vert gjort kjend ved oppstart av det enkelte emnet. For nokre emne er supplerande pensum/tilleggslesing oppgjeve. Dersom pensum vert henta her, skal faglærar eksplisitt gjere dette klart for studentane ved byrjinga av eksamenssemesteret.

Godkjent av
Departementet

Godkjent dato
20.09.2002

Sist revidert av
Jon Gunnar Nesse

Sist revidert dato
15. april 2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216997

Emneoversikt Organisasjon og leiing - helse- og velferdsleiing kull 2010
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V) S7(H) S8(V)
OR6-401 Leiing og endring i organisasjonar 15,00 O 15              
SA6-400 Leiing av forbetringsarbeid i
grunneiningar
15,00 O   15            
JU6-402 Jus i helse- og velferdssektoren 7,50 O     7,5          
SØ6-400 Økonomi i helse- og velferdssektoren 7,50 O     7,5          
SA6-403 Helse- og velferdspolitikk 15,00 O       15        
ME6-500 Forskingsstrategiar og metode 15,00 O         15      
OR6-501 Styring, omstilling og leiing i
offentlege organisasjonar
15,00 O           15    
MR 690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing 30,00 O             15 15
Sum: 15 15 15 15 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Emneoversikt Organisasjons og leiing - utdanningsleiing kull 2010
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V) S7(H) S8(V)
OR6-401 Leiing og endring i organisasjonar 15,00 O 15              
SA6-401 Leiing av pedagogisk verksemd 15,00 O   15            
JU6-403 Jus i utdanningssektoren 7,50 O     7,5          
SØ6-401 Økonomi i utdanningssektoren 7,50 O     7,5          
SA6-402 Utdanningspolitikk 15,00 O       15        
ME6-500 Forskingsstrategiar og metode 15,00 O         15      
OR6-501 Styring, omstilling og leiing i
offentlege organisasjonar
15,00 O           15    
MR 690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing 30,00 O             15 15
Sum: 15 15 15 15 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne