Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / Utdanningsleiing, 1-årig vidareutdanning, H -10  

Utdanningsleiing, 1-årig vidareutdanning, H -10

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Utdanningsleiing, 1-årig vidareutdanning, H -10

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
60 studiepoeng

Organisering
Studiet er organisert som eit deltidstilbod over fire semester. Studiet er fullt ut samordna med første året av HSF sitt masterstudium i organisasjon og leiing - utdanningsleiing.
Undervisninga for 2010-kullet føregår i Bergen. Tilbodet er eit samarbeid mellom HSF ved Avdeling for økonomi, leiing og reiseliv og Avdeling for lærarutdanning og idrett som fagleg ansvarlege og Folkeuniversitetet i Hordaland som teknisk arrangør.

Organisering 2
Desentralisert (utanfor Sogndal, Førde, Sandane) / Off Campus

Normert studietid
Eitt årsverk fordelt over to år

Innleiing

Dette er eit vidareutdanningsstudium med pedagogiske, samfunnsvitskaplege, økonomiske, administrative og juridiske fag. Gjennom studiet kan trongen for administrativ vidareutdanning med vekt på pedagogisk leiing hjå eit breitt felt av personar med tilknyting til utdanningssektoren og bakgrunn frå universitet og høgskule dekkjast.

Målgruppe

Målgruppa er personar som arbeider i og med opplærings- og utdanningsverksemd. Studiet skal kvalifisere for leiaroppgåver i sektoren og vere eit relevant vidareutdanningstilbod for både personar som har slike stillingar no, eller som søkjer mot leiarstillingar både i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule.

Sidan målgruppa er personar i yrkeslivet er studiet organisert som eit deltidstilbod som kan kombinerast med arbeid. Høgskulen vil i samarbeid med den enkelte student legge til rette for at studentane kan gjennomføre studiet: Dette gjer vi mellom anna med fleksibilitet når det gjeld gjennomføringstid og tidspunkt for levering av skriftlege arbeid.

Opptakskrav

 For opptak til studiet gjeld desse krava til utdanning:

  •  Avslutta grunnutdanning – minimum 3 år – på det profesjonsområdet studiet dekkar. Døme på slike utdanningar er allmenn- og førskulelærar.
  • Andre relevante fagkombinasjonar på bachelor, cand. mag. eller tilsvarande nivå.
  • Studentane må dessutan har minst to års praksis frå yrket dei har kvalifisert seg for. Praksisen må som hovudregel vere gjennomført etter avslutta grunnutdanning. Det er høve til å dispensere frå kravet om praksis dersom særlege grunnar ligg føre (t.d. personar som nyleg har omskulert seg).

Også andre med relevant utdanning og praksis kan på bakgrunn av realkompetanse takast opp til dette årsstudiet, men ikkje til masterstudiet. Søkjarar som fyller krava i prikkpunkta ovanfor vert prioriterte til studiet. Dei som tilfredsstiller krava til generell studiekompetanse, eller vert vurdert kompetente etter realkompetanse kan søkje om opptak til enkeltemne i årsstudiet.

Læringsmål

 Studiet skal kvalifisere for leiarstillingar og administrative oppgåver i utdanningssektoren.

Innhald / oppbygging

Studiet er samordna med masterstudiet i organisasjon og leiing – utdanningsleiing, som utgjer 120 studiepoeng. Årsstudiet i utdanningsleiing utgjer dei første 60 av desse studiepoenga, og er dermed steg 1 i masterutdanninga.

Studiet er lagt opp som deltidsstudium over fire semester (2 år). Modellen nedanfor syner den normale gjennomføringa av studiet:

 

 

1.sem

2.sem

3.sem

4.sem

Master steg 1

Leiing og endring av organisasjonar (15 sp.)

Leiing av pedagogisk verksemd (15 sp.)

Økonomi (7,5 sp.) og jus (7,5 sp.) i utdanningssektoren

Utdanningspolitikk (15 sp.)

 

I steg 1 opnar vi for at studentar som har gjennomført andre fagleg relevante emne på nivå over grunnutdanning (vidareutdanningar og masterutdanningar) innan organisasjon og leiing kan søke om fritak for enkelte emne. Emne som vil kunne bli erstatta er leiing og endring av organisasjonar, leiing av pedagogisk verksemd og økonomi og jus i utdanningsleiing.

Årsstudiet i utdanningsleiing kvalifiserer for vidare studiar i del 2 av HSFs master i organisasjon og leiing – utdanningsleiing. Heile eller delar av emne kan vere samordna med andre studium innanfor masterprogrammet.

Kvart emne vert avslutta med ei sluttvurdering.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er bygd opp rundt samlingar med førelesingar, seminar og gruppearbeid. På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar av eige og andres prosjekt. Samlingane er i regelen helgesamlingar (fredag/laurdag). Ei samling kvart semester er frå torsdag til laurdag.

Mellom samlingane skal studentane arbeide med pensumlitteratur og oppgåver. Det vert lagt vekt på å utvikle bruken av ikt som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet.
Det er ein føresetnad for gjennomføring av studiet at studentane har tilgang til e-post og internett. Fronter eller tilsvarande verktøy skal nyttast aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform.

I kvart emne er det venta at studentane sjølve arbeide med tekstar som på ulike måtar bidreg til innlæring av fagstoff. Studentane får tilbod om og har krav på rettleiing individuelt eller i grupper i utforming av tekstane. Heile eller delar av tekstane kan leverast inn til sluttvurdering og fungerer då som eksamen.

Tabellen nedanfor syner dei ulike tekstane som skal arbeidast med i kvart emne:

Sem.

Emne

Teksttypar

1

Leiing og endring i organisasjonar

Bruke relevant teori i drøfting av organisasjonsproblem eller utfordringar på eigen arbeidsplass

2

Leiing av pedagogisk verksemd

Utarbeiding av dokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass

3

Økonomi og jus i utdanningssektoren

Utarbeide svar på oppgåver utleverte av faglærar

4

Utdanningspolitikk

Fagleg paper/artikkel: Bruke relevant teori i drøfting av eit fagleg problem. Notat: Drøfting av eigen læringsprosess og eige læringsutbytte

 

Studiet stiller krav om sjølvstendig pensumgjennomgang, ansvar for eiga læring mellom samlingane og aktiv tilnærming til dei problemstillingane studentane vert presenterte for.

Læringsutbyte

Etter avslutta studium skal studentane ha tileigna seg generelle kunnskapar om organisasjon og leiing på ein slik måte at dei i tillegg til å vere profesjonelle yrkesutøvarar skal kunne gå inn i leiarstillingar i utdanningsinstitusjonar.

Praksis

Det er ikkje krav til praksis undervegs i studiet.

Studieopphald i utlandet

Det er ikkje lagt opp til studieopphald i utlandet.

Arbeidskrav

Det er lagt opp til tre arbeidskrav i studiet. Det første semesteret skal studentane skrive eit startdokument, og i siste semesteret eit avsluttande refleksjonsdokument.

 

Sem.

Emne

Arbeidskrav

1

Leiing og endring i organisasjonar

A-krav nr. 1: Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet

2

Leiing av pedagogisk verksemd

A-krav nr. 2: Læringsdokument i form av 4 korte refleksjonsnotat (1-3 sider) utarbeidde mellom samlingane

3

Økonomi og jus i utdanningssektoren

Ingen arbeidskrav

4

Utdanningspolitikk

A-krav nr. 3: Læringsdokument i form av 4 korte refleksjonsnotat (1-3 sider) utarbeidde mellom samlingane

 

Arbeidskrava skal godkjennast av dei ansvarlege faglærarane, eventuelt av faglærarar utpeikte av studieleiaren. Generelt er godkjende arbeidskrav eit vilkår for å kunne gå opp til eksamen i eit emne.

Det er utforma eigne retningsliner for innhaldet i arbeidskrava.

Sluttvurdering

Det vert ikkje lagt opp til nokon form for tradisjonell skuleeksamen. Det er lagt opp til tett samband mellom fagtekstar og sluttvurdering (mappe) i dei fleste emna. Sluttvurdering går fram av emneomtalen til dei enkelte emna i studiet. Sjå emnetabell under.

Det vert nytta bokstavkarakterar i alle vurderingar dersom ikkje anna står i emneplanen. Intern/ekstern sensur skjer etter eigen plan på avdelingsnivå.

Pensum

Pensumlitteraturen skal i tillegg til å gje oversyn over eit emne reflektere det som til ei kvar tid ny og forskingsbasert kunnskap innan emnet. Pensum kan derfor bli endra og supplert undervegs i studiet. Dei oppgjevne pensumlistene må derfor oppfattast som døme på aktuell litteratur. Den endelege pensumlitteraturen vert gjort kjend ved oppstart av det enkelte emnet. For nokre emne er supplerande pensum/tilleggslesing oppgjeve. Dersom pensum vert henta her, skal faglærar eksplisitt gjere dette klart for studentane ved byrjinga av eksamenssemesteret

Godkjent av
Departementet

Godkjent dato
20.09.2002

Sist revidert av
Jon Gunnar Nesse

Sist revidert dato
15. april 2010

Emneoversikt Utdanningsleiing kull 2010
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
OR6-401 Leiing og endring i organisasjonar 15,00 O 15      
SA6-401 Leiing av pedagogisk verksemd 15,00 O   15    
JU6-403 Jus i utdanningssektoren 7,50 O     7,5  
SØ6-401 Økonomi i utdanningssektoren 7,50 O     7,5  
SA6-402 Utdanningspolitikk 15,00 O       15
Sum: 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne