Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR625 Innføring i praktisk organisasjonsarbeid  

OR625 Innføring i praktisk organisasjonsarbeid

Kode
OR625

Norsk namn
Innføring i praktisk organisasjonsarbeid

Engelsk namn
Introduction to practical organisation

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Valemne for studentar som har tillitsverv i studentorganisasjonar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF), Studentsamskipnaden eller som representerer studentane i råd og utval ved HSF.

Semester
Vinter

Forkunnskapar

I utganspunktet er emnet eit tilbod til studentar med valde verv ved HSF eller student- og velferdsorganisasjonar i tilknyting til HSF. Andre som også er studiekompetente, kan få tilgang.

Innhald/oppbygging

Emnet skal gi formell kompetanse til studentar som engasjerer seg i arbeidet med å forbetre studietilbodet, undervisninga, velferd og den praktiske kvardagen for studentane, og gjere studentane betre rusta til å delta i dei demokratiske studentorganisasjonane. Emnet er bygd opp rundt tre hovudtema; desse vert nærare omtala nedanfor.

1. Prosessar i frivillige organisasjonar

Mål: Å kjenne til kva ein frivillig organisasjon er, gjeremåla til frivillige organisasjonar og dei prosessane som finn stad i tilknyting til desse. Ein skal og få innsyn i korleis ein sjølv kan delta i dei ulike prosessane som finn stad.

Innhald:

  • Typar verv
  • Møteleiing
  • Avvikling av val
  • Møtebok
  • Iverksetting av vedtak
  • Foredrag og diskusjon; ”møte- og diskusjonsteknikk”

2. Organisasjonsteori

Mål: Å forstå at vi lever i ei verd av organisasjonar, korleis organisasjonar er bygde opp og korleis aktørane tenkjer og handlar innanfor rammene av organisasjonar. Sentralt står også korleis tilhøvet mellom den enkelte organisasjonen og omgivnadene kan forståast.

Innhald:

  • Organisasjonsstruktur
  • Organisasjonskultur
  • Makt og konfliktar
  • Organisasjon og omgivnader
  • Kommunikasjon
  • Avgjerdsprosessar

3. Nettverksforståing

Mål og innhald: Denne blokka skal gi kursdeltakarane 1) forståing for det ”organisasjonssettet” ein direkte og indirekte er ein del av som tillitsvalt, og 2) forståing for dei krav og forventningar ein møter, og kan rette mot andre, som deltakar i organisasjonssettet.

I dette nettverket kan vi snakke om tre typar aktørar som kvar finst på tre ulike organisasjonsnivå. Aktørtypane er:

  • Aktørane i utdanningssystemet (offentlege styresmakter og utdanningsinstitusjonane)
  • Studentpolitiske aktørar
  • Aktørar i forhold til studentvelferd

Kvar av desse aktørtypane finn vi på nasjonalt nivå, institusjonsnivået og på avdelingsnivå i utdanningsinstitusjonane. Organisasjonssettet inneheld dermed ni ulike aktørgrupper.

Undervisnings- og læringsformer

Dette emnet har samlingsbasert undervisning

Førelesingar, gruppearbeid, gjesteforedrag og ulike studentaktive læringsformer

Kompetanse/læringsutbyte
  • Kunne gjere greie for kva vi meiner med frivillige organisasjonar, gjeremåla til frivillige organisasjonar og dei prosessane som finn stad i tilknyting til desse.
  • Vite korleis ein sjølv kan delta i dei ulike prosessane som finn stad i ein frivillig organisasjon.
  • Kunne gjere greie for korleis organisasjonar er bygde opp og korleis aktørane tenkjer og handlar innanfor rammene av organisasjonar.
  • Kunne gjere greie for korleis tilhøvet mellom den enkelte organisasjonen og omgivnadene kan forståast.
  • Kunne gjere greie for at det ”organisasjonssettet” ein direkte og indirekte er ein del av som tillitsvalt.
  • Kjenne til dei og vurdere dei krav og forventningar ein møter, og kan rette mot andre, som deltakar i "organisasjonssettet".
Ekskursjonar

Det er knytt ein obligatorisk ekskursjon til dette emnet i samband med gjennomføringa av det første seminaret. Det vert lagt opp til ei samling over to dagar med ei overnatting på det første seminaret.

Arbeidskrav

Ein munnleg presentasjon 

Sluttvurdering

Mappe med karakteren greidd/ikkje greidd. Mappa skal innehalde tre skriftlege refleksjonsnotat. Ei av oppgåvene kan gjerast i gruppe på inntil tre studentar. Studentane skal reflektere rundt eiga læring, eiga rolle og eigen organisasjon, og komme med framlegg om forbetringar. Studentar som stryk må levere inn ei forbetra utgåve av mappa.

Pensum

Vert oppgjeve ved studiestart

Godkjent av
Leif Longvanes

Godkjent dato
21.06.2010