Matematikk og arbeidsmåtar

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Matematikk og arbeidsmåtar

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15

Organisering
Deltidsstudium med utgangspunkt i 8-10 samlingar. Arbeid i lokal studiegruppe mellom samlingane. Bruk av nettet er sentralt, og alle studentane må disponere datamaskin med nett-tilgang.

Organisering 2
Desentralisert (utanfor Sogndal, Førde, Sandane) / Off Campus

Normert studietid
1 år

Innleiing

Dette er eit vidareutdanningstilbod i matematikk som er utvikla i tett samarbeid med skuleleiinga i Eid. Studiet passar spesielt godt for lærarar som er i jobb i skulen i denne regionen.

Målgruppe

Lærarar som underviser i grunnskulen

Opptakskrav

Førskulelærar- eller lærarutdanning (allmennlærar, faglærar - praktisk-pedagogisk utdanning)

Innhald / oppbygging
  • Matematikken i nærmiljøet
  • Utvalde aktivitetar med utgangspunkt i matematikkplanen i LK-06
  • Vurdering av konkretiseringsmateriell
  • Bruk av digitale verktøy i matematikk
Undervisnings- og læringsformer

Studiet er organisert som ei blanding av regionale samlingar, arbeid i lokal studiegruppe og arbeid på nettet. Det er derfor heilt nødvendig at kvar student har lett tilgang til datamaskin med nett-tilkopling. I studiet legg ein stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør.

Læringsutbyte

Studiet er ei følgje av auka krav til varierte arbeidsmåtar i samband med Kunnskapsløftet og nye læreplanar. Etter ferdig studium skal studentane:

 - ha fått auka innsikt i utvalde arbeidsmåtar i matematikkfaget på barnesteget
 - ha fått auka innsikt i korleis ein kan nytta konkretiseringar og aktivitetar i matematikkfaget
 - ha auka kompetansen på korleis IKT kan brukast som fagleg og didaktisk hjelpemiddel i
  matematikkfaget
 - ha fått auka innsikt i nokre sentrale omgrep i matematikkfaget

Praksis

Studentane skal gjennomføra praktiske øvingar i grupper mellom samlingane

Arbeidskrav

Studentane skriv 6 korte notat i Fronter om praksisopplegga, og presenterer desse på samlingane.

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til samlingane.

Sluttvurdering

MA344

MU Munnleg eksamen

Bokstavkarakter A-F

Pensum

Førebels pensumliste:
 - Aktuelle læreplanar
 - Stoff utlagt i Fronter i samband med samlingane
 - Kompendium med utvalde artiklar

Endeleg pensumliste skal ligge føre innan oppmeldingsfristen til eksamen. Denne fristen er 15.september i haustsemesteret og 15.februar i vårsemesteret.

Godkjent av
Dekan ALI

Godkjent dato
14.06.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216524