Musikk

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Musikk

Engelsk namn
Music

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
30

Organisering
Deltidsstudium som er samlingsbasert og delvis nettbasert.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
1 år

Innleiing

I alle kulturar vi kjenner til, har musikk ein sentral plass. Lytting til og skaping av musikk er ei kjelde til glede og til oppleving av meining, identitet og kulturell tilhøyrsel. Musikkfaget i grunnskulen skal gje alle born og unge høve til å oppleve og ta del i musikk som kunstnarleg uttrykk, samfunnsuttrykk og samværsform.

Gjennom arbeidet med musikk i lærarutdanninga skal studentane tileigne seg fagleg og teoretisk kunnskap, praksiserfaring og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk i grunnskulen. Dei må ha kjennskap til den musikalske kulturarven, til musikk som samfunnsfenomen og som pedagogisk reiskap. Dei skal også tileigne seg eit grunnlag for vidare fagleg vekst og for å kunne ta aktivt del i kultur- og skuleutvikling. Arbeidet med faget må omfatte dei aktivitets- og erkjenningsformene vi finn i musikkfaget i læreplanverket for grunnskulen.

Målgruppe

Valfag for 3. og 4. studieår i den 4-årige allmennlærarutdanninga av rammeplan 2003. Lærarar. Studiet kan også inngå i ein fri bachelorgrad, og vil saman med praktisk-pedagogisk utdanning kvalifisere for arbeid i skulen.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innhald / oppbygging

Musikk inneheld 5 hovudemne:

  • Musikkutøving
  • Høyrelære og musikkteori
  • Musikkskaping / Komponering
  • Musikkorientering
  • Fagdidaktikk

Arbeidet med målområda skal sikre eit vekselspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaring, studenten sitt eige arbeid, faglege oppgåver og didaktisk refleksjon. I tillegg til å kunne utvikle seg vidare i musikkfaget, skal studiet gje studenten innsikt i dei faglege og pedagogiske føresetnader som må vere til stades for å kunne arbeide med musikk som klasselærar i grunnskulen, og høve til å kunne forstå musikken sin plass i skule, samfunns- og kulturliv og i oppdraginga.

Undervisnings- og læringsformer

skal gje røynsle med lytting, spel, song og dans og gje grunnlag for å kunne analysere røynslene og bruke dei i nye samanhengar. I studiet blir det lagt vekt på praktisk skapande og utøvande arbeid, både fagspesifikt og didaktisk.

Undervisninga vil gå føre seg i seminargruppe og mindre grupper/eventuelt individuelt. Studiet byggjer på studenten si eiga interesse for musikk, slik at han/ho skal kunne nytte musikk i sitt arbeid som klasselærar i grunnskulen.

Læringsutbyte

Studenten

  • har kunnskap om musikk frå ulike tider og i ulike kulturar og kjenner historia til musikkfaget
  • har kompetanse i song og har eit variert repertoar av songar
  • har eit repertoar av tradisjonelle og moderne leikar og dansar frå vår eigen og andre kulturar
  • kan arrangere og leggje til rette musikalsk materiale
  • kan bruke varierte klasseromsinstrument og tekniske og elektroniske hjelpemiddel
  • kan leie samspel / samsong og akkompagnere unison og fleirstemt song
  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i musikk og dans i samsvar med læreplanverket for grunnskolen
  • kan leggje til rette for musikalsk utvikling hjå born og unge med ulike føresetnader og med ulik bakgrunn
  • kan utøve samhandling og refleksjon ved å:
     - analysere og diskutere musikk med born og foreldre / føresette
     - reflektere over samanhengen mellom mål og innhald i musikkfaget og kunne grunngje innhald og arbeidsmåtar i faget
     - analysere og vurdere eiga læring og sjå den i samanheng med læringa til elevane
     - ta del i fagleg utviklingsarbeid i musikk
Praksis

Studiet inneheld praksis for studentar som går 3. året i allmennlærarutdanninga eller studentar på 4.året som ikkje har fullført 20 vekers obligatorisk praksis i allmennlærarutdanninga. Studiet inneheld praksisrelatert arbeidskrav for andre studentar.

Praksis skal gje studenten røynsle med musikkundervisning og høve til å sjå og reflektere over musikken sin plass i skulen ved sida av å utvikle samarbeid mellom studentgruppe, faglærar og eventuelt øvingslærar. Dette skjer ved at studentane får høve til å prøve ut eigne opplegg i grunnskulen og at studentane får vere med å planleggje og gjennomføre eventuelle fellesopplegg.

Arbeidskrav
  • godkjend prøve i akkompagnementspel
  • skriftlege heimeoppgåver i musikkteori (1.semester)
  • godkjend prøve i musikkteori (etter 1.semester)
  • oppgåver i komponering og arrangering
  • praksisoppgåve (for 3. årsstudentar og lærarar), eller praksisrelatert arbeidskrav (for dei som har fullført obligatorisk praksis i allmennlærarutdanninga)

Obligatorisk oppmøte til undervisninga.

Sluttvurdering

MU300 SV1

GU Gruppeeksamen i musikkutøving
 48 timar førebuing
 Vekting 40%

ME Individuell mappevurdering
 Vekting 60%

- To oppgåver i musikkorientering (30%):

a)    éi oppgåve i sjølvvalt musikkhistorisk tema, og

b)    éi oppgåve i etnomusikologisk tema.

- Oppgåve i fagdidaktikk (30%):

Samling av 15 musikkaktivitetar, med tilhøyrande fagdidaktiske kommentarar.

Pensum

Pensum vert fastlagt ved semesterstart.

Armsrud, Arve og Bjørnstad, Tormod (2008). Sang i Norge. Oslo: Sang i Norge – Musikk i Skolen.

Bøe, Odd Magne, Johansen, Kai Lennart og Solbu, Tove Dahl (2006). Musikkisum 5 – lærerens bok. Oslo: Cappelen.

Ese, Kjersti (2007). Av glede lager vi musikk – sang og rytmikk for barnehage og småskole. Oslo: Norsk Musikforlag A/S.

Graasvoll, Jens (2008). Musikklære – om notesystemets hemmelighet! Bergen: Fagbokforlaget.

Hjorthaug, Sigmund (2002). Musikkhistorisk oversikt. (2. utgåve.) Kristiansand: Høyskoleforlaget.

Johansen, Kai Lennart (2005). Komponering: Kunnskap & kreativitet – idésamling og lærebok for lærere og lærerstudenter. Oslo: Musikk i Skolen.

Kunnskapsdepartementet (2006). Læreplanverket for kunnskapsløftet (LK06). Oslo: Utdanningsdirektoratet. http://www.udir.no/grep

Sætre, Jon Helge og Salvesen, Geir (red.) (2010). Allmenn musikkundervisning. Oslo: Gyldendal Akademisk.

I tillegg vert det delt ut kompendium med artiklar.

Studenten skal leggja opp eit individuelt avgrensa pensum i samband med oppgåveskriving.

Godkjent av
Dekan ALI

Godkjent dato
25.05.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216041