Naturfag i barnehagen

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Naturfag i barnehagen

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15

Organisering
Deltidsstudium som er samlingsbasert og delvis nettbasert. 10 - 12 samlingsdagar per år.

Organisering 2
Desentralisert (utanfor Sogndal, Førde, Sandane) / Off Campus

Normert studietid
1 år

Innleiing

Utdanninga tek utgangspunkt i Rammeplan for barnehagen og temaheftet om natur og miljø. Utdanninga er ei påbygging av faget naturfag i førskulelærarutdanninga. Studiet er praktisk retta mot arbeid i barnehagen og arbeidsoppgåvene i studiet vil ha nær tilknyting til aktivitetar som studentane kan gjennomføre på arbeidsplassen.

Målgruppe

Førskulelærarar som ynskjer ei vidareutdanning i naturfag retta mot arbeid i barnehage

Opptakskrav

Fullført førskulelærarutdanning

Innhald / oppbygging

”Inn” i naturen

  • Observasjon og utforsking
  • Bærekraftig utvikling
  • Naturmangfald, kunnskap om og respekt for naturen
  • Samspelet i naturen og mellom mennesket og naturen

Fagdidaktikk

  • Korleis legge til rette for naturfaglege aktivitetar i barnehagen
  • Bruk av ”Landart”
  • Korleis lage og bruke eksperimentelt utstyr 
  • Sansemotoriske aktivitetar
  • Historier, forteljingar og mytar
  • Bruk av IKT som dokumentasjon

 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, praktiske arbeidsformer både ute og inne og erfaringsdeling

Læringsutbyte

Etter studiet

  • skal kandidaten i tale og handling fremje ei forståing for berekraftig utvikling og velje litteratur og aktivitetar som fremjar ei slik forståing
  • kan kandidaten byggje på og vidareutvikle erfaringane barna har med eksperimentelt utstyr og teknikk i kvardagen
  • kan kandidaten nytte tverrfaglege arbeidsmetodar
Arbeidskrav
  • Frammøte til samlingane
  • Presentasjonar og erfaringsdeling
Sluttvurdering

NA413 PR Skriftleg rapport frå utviklingsarbeid, individuelt eller i gruppe. Bokstavkarakter A - F.

Pensum

Vil vere klart til studiestart.

Godkjent av
Dekan ALI

Godkjent dato
30.06.10

Studieprogramkode (opptakskode)
216525