Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR LÆRARUTDANNING... / Vidareutdanningar / Samfunnsfag med vekt på entreprenørskap og digital formidling  

Samfunnsfag med vekt på entreprenørskap og digital formidling

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Samfunnsfag med vekt på entreprenørskap og digital formidling

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10

Organisering
Deltidsstudium som er delvis nett- og samlingsbasert.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
1 år

Innleiing

Hovudmålet med studiet er å fremja bruksretta digital formidling av kulturarv. Skal me lukkast med dette må me ta mål av oss å ha ein kompetansehevande funksjon når det gjeld digital formidling. Gjennom utvikling av kurs- og utdanningstilbod tilpassa målgruppene vil me kunna auka kunnskapen om – og fremja bruk av digitale verktøy i formidlinga av kulturarven.

Målgruppe

Studiet skal vera ein møtestad som opnar for kontakt, nettverk, samarbeid, kunnskap - og kompetanseutveksling som kan utvikla nyvinnande og kreative lokalsamfunn. Dette samfunnsbyggande føremålet er viktig i studiet, og me ønskjer ei breidde i deltakargruppa som spenner seg frå private lag og organisasjonar, næringsliv til kultur-, skulesektor og barnehage.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Studiet er sett saman av fire samlingar som til saman utgjer 48 timar. Hovudvekta ligg på digital tilrettelegging og formidling av kulturarv. Parallelt med undervisninga skal studentane jobba med eit praktisk retta prosjektarbeid. Målet er at prosjektarbeidet er bruksretta og gir deltakarane noko å bygga vidare på når dei er ferdige på studiet.

Studiet er sett saman av tre tema:

Tema 1: Entreprenørskap – lokalsamfunn og muligheiter

Denne delen av studiet vil ha ei teoretisk tilnærming, men me vil gjera merksame på at den teoretiske tilnærminga vil bli knytt saman med praktiske øvingar. Målsetningane under denne emnedelen er:
Deltakarane skal få innføring i REAL eit erfaringsbasert fagleg og pedagogisk verkty.

Tema 2: Lokal kulturarv - digitalt formidla

Dette emnet har både ei teoretisk og ei praktisk tilnærming. Den teoretiske tilnærminga ligg i dei nyare retningane i historiedidaktikken som fokuserer på historiebruk, historiekultur, historiemedvit og minnepolitikk. Dette må sjåast i samanheng med den praktiske tilnærminga der deltakarane skal setja seg inn og analysera konkret formidling av kulturarv og lokalhistorie. Hovudtyngda av desse døma vil bli henta frå Sogn og Fjordane. Nettbaserte tenester frå ABM sektoren i fylket vil ha ein sentral plass på studiet

Tema 3: Digital kulturformidling - fortelja digitalt

Denne delen av kurset vil ha ei praktisk tilnærming og har som målsetnad at studentane skal gjera seg erfaringar med og reflektera rundt bruken av ulike digitale medium i formidlinga av kulturarven. Medan studentane under steg 2 ” Lokal kulturarv - digitalt formidla” har fått ei utvida forståing for korleis ein formidlar til utlike målgrupper, skal studentane i denne ta dette med inn i den bruksretta formidlinga gjennom praktisk øving.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformene i studiet legg vekt på eigenaktivitet og aktiv medverknad frå studentane gjennom problembasert og erfaringsbasert undervisning og bruk av digitale verkty.

Læringsutbyte

Tema 1: Entreprenørskap – lokalsamfunn og muligheiter
Deltakarane kan etter opplæringa:

- forstå kvifor entreprenørskap er eit viktig satsingsområde for grunnskule, vidaregåande skule, høgskule/universitet og lokalsamfunn
- vite kva legg vi i omgrepet entreprenørskap – kva type kunnskap, haldningar og ferdigheiter ynskjer vi utvikla
- vite kva legg vi omgrepet Interpretasjon og korleis kan det bli eit verkty i arbeidet med kartlegging og formidling av lokale ressursar
- legga tilrette for bygging og utvikling av entreprenørskap i skule og lokalsamfunn
- arbeide kreativitet og kreative prosessar i arbeid med entreprenørskap
- arbeide med lokalsamfunn og lokalssamfunnsanalyse – bruk av verkty
· tilrettelegga for entreprenørskap i grunnskule og vidaregåande opplæring - prinsipp/innhald/organisering/gjennomføring – inn mot læreplanverket.

Tema 2: Lokal kulturarv - digitalt formidla
Gjennom emnet lokal kulturarv skal deltakarane:
· sjå muligheitene som ligg i bruk av kulturarv og lokalhistorie i lokale prosjekt. Dette gjeld både kommersiell bruk (i marknadsføring, reiseliv), lokale og regionale styresmakter si haldning til og bruk av slike ressursar og meir idealistisk basert formidling av kulturarven.
· ha kritisk vurdering av korleis kulturarv og lokalhistoriske ressursar blir brukt og kan brukast i lokal identitetsskaping, lokalsamfunnsutvikling og næringsutvikling.
· reflektera over kven si historie som kjem til uttrykk, og kva tilhøve ulike typar historieformidling har til historiske fakta og kjeldekritikk.
· kunne kartanalyse, og bruk av kart som presentasjonsform

Tema 3: Digital kulturformidling - fortelja digitalt
Deltakarane skal:
· meistre digital historieforteljing. Dei skal gjennom eit praktisk kurs i digital historieforteljing med vekt på forteljarkunst og oppbygging av ei historie/presentasjon ved hjelp av multimedia. Digitale verktøy basert på Windows plattform vil vera sentrale her.
· ha praktiske erfaringar med ressursar for publisering på nett.
· ha ei større forståing for ulike målgrupper i formidlinga, og bli medvitne si eiga rolle som formidlar av kulturarven.

Arbeidskrav

· Prosjektoppgåve. Denne kan gjerast individuelt eller i gruppe på 2 – 3 studentar.
· Deltaking på samlingane (fire samlingar).

Sluttvurdering

EN 305 Individuell munnleg eksamen med presentasjon og drøfting av prosjekt. Bokstavkarakter A-F.

Pensum

Førebels pensumliste. Endeleg pensumliste blir sett opp i samråd med studentane. Pensum vil bli tilgjengeleg gjennom fagbøker og kompendium.
· Lambert, Joe: Digital storytelling – capturing lives, creating community,
 Digital Diner press, 2006, ISBN 978-0-9726440-2-0 200 sider
· Høyvik, Eli Grete; På skattejakt i bygde – Noreg, Masteroppgåve
 Høgskulen i Volda 2002 100 sider
· Offerdal, Ivar A.: Entreprenørskap og REAL i fagplanane,
Høgskulen i Sogn og Fjordane, 2007 68 sider
· Skogen, Kjell: Entreprenørskap i utdanning og opplæring, Gyldendal 2006
ISBN: 13 978-82-05-36252-9 200 sider
· Stugu, Ola Svein: Historie i bruk (Samlaget 2008), 140 sider
· Bøe, Jan Bjarne: Å lese fortiden. Historiebruk og historiedidaktikk (Høyskoleforlaget 2006), kap 4 og 6, 60 sider
· Digranes, Greve og Reiakvam: Det norske bildet. Knud Knudsens fotografier 1864-1900 (Grøndahl 1988), side 10-30, 11 sider
· Puschmann, Dramstad og Hoel: Tilbakeblikk. Norske landskap i endring (Tun forlag 2006), side 6-9, 4 sider
· Berntsen, Hauge, Sandborg og Stinessen: Norske landskap (Dreyer 1988), side 7-31, 25 sider
· Lokalhistorisk magasin nr 1, 2009, Tema: Kart og lokalhistorie, side 4-29, 26 sider
· Otnes, Hildegunn (red): Å være digital i alle fag (Universitetsforlaget 2009), side 31-63, 33 sider

Godkjent av
Dekan ALI

Godkjent dato
16.mars 2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216518