Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR301 Framtidas leiarar i skule og barnehage  

OR301 Framtidas leiarar i skule og barnehage

Kode
OR301

Norsk namn
Framtidas leiarar i skule og barnehage

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Fagleg overlapp
Emnet overlappar 100 % med emne OR6-400 Organisasjon og leiing

Kategori
Obligatorisk del av Leiing i skule og barnehage.

Semester
Vår -09 og haust -10

Læringsmål

Målet er at studentane skal lære å sjå eigen organisasjon gjennom organisasjonsteoretiske omgrep. Studentane skal tileigne seg ei forståing av korleis organisasjonar fungerer, internt og i forhold til omverda. Dette inneber å lære om sentrale problemområde, hypotesar og undersøkingar der oppbygging av organisasjonar og deira verkemåte er sentrale. Ei innføring i sentrale teoriar om leiing er ein integrert del av organisasjonsforståinga.

Innhald/oppbygging

Emnet tek opp eit utval problemstillingar og tema som er relevant for alle organisasjonar og organisasjonstypar. Relevansen for eigen organisasjon skal synleggjerast gjennom studentane si praktiske tilnærming til lærestoffet. Grunnleggjande tema og problemstillingane er: Perspektiv på organisasjonar, organisasjonsstruktur, organisasjonar og omverd, organisasjonskultur, leiing og teoriar om leiing. Leiing i individuelt, strukturelt, relasjonelt og distribuert perspektiv.  Kommunikasjon og læring i organisasjonar, den profesjonelle organisasjonen og avgjerdstaking i organisasjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Samlingane er i hovudsak prosessretta der det blir veksla mellom forelesingar, drøftingar og refleksjon i grupper. Undervisninga vil vere relatert til teori og praksiserfaringar. Det blir føresett at studentane deltek aktivt i samband med utarbeiding av tekstar som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.

Arbeidskrav

Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet.

Sluttvurdering

Mappevurdering
Studenten skal levere eit dokument på maks ti sider som drøftar eit organisasjonsproblem eller utfordring på eigen arbeidsplass innan dato gjort kjent av faglærar. Kan vere individuelt, eller i gruppe på maks tre studentar (Kan då levere 20 sider).

Bokstavkarakterar.

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast.

Pensum

Baldersheim, H og L Rose: ”Kommunale reformer som teoretisk utfordring.” Kap 1 i Baldersheim og Rose (red) Det kommunale laboratorium. Teoretiske perspektiver på lokal politikk og organisering. Bergen Fagbokforlaget 2000. (7 s)

Bukve, Oddbjørn og Offerdal, Audun (red.)(2002). Den nye kommunen. Kommunal organisering i endring. Kapittel 1. (17 sider)

Glosvik, Øyvind (2006): Organisasjonsteoretiske perspektiv i utdanningsleiing. Kapittel 5 i Gjert Langfeldt, Kirsten Sivesind og Guri Skedsmo Utdanningsledelse, Cappelen.

Hatch, Mary J. (2001): Organisasjonsteori. Moderne, symbolske og postmoderne perspektiver. Abstrakt Forlag. Oslo. Eller på engelsk i ny og utvidet utgave: Organization Theory. Modern, symbolic, and postmodern perspectives.Oxford University Press. Oxford. (408 sider )

Hernes, Helge (2002): Perspektiver på profesjoner. I Nylehn, B. og Støkken, A.M (red.): De profesjonelle. Universitetsforlaget. Oslo. (13 sider).

Kvåle, Gro og Wæraas, Arild. (2006). Organisasjon og identitet (Kap 1). Oslo. Det Norske Samlaget. (37 sider)

Kjær, Anne Mette. (2004). Governance. (Kap 1 og 2) Polity Press. Cambridge. (57 sider)

Nylehn, Børre. (2002). Kan profesjonelle samarbeide? I Nylehn, B og Støkken, A.M (red): De profesjonelle. Universitetsforlaget. Oslo. (15 sider).

Offerdal, A: “Iverksettingsteori – resultatene blir sjelden som planlagt, og det kan være en fordel?” Kap 11 i Baldersheim og Rose (red) Det kommunale laboratorium. Teoretiske perspektiver på lokal politikk og organisering. Bergen Fagbokforlaget 2005. (26 s)

Pedersen, Dorthe (2005). Ledelsesrummet i managementstaten. I Pedersen, D (red): Offentlig ledelse i managementstaten. Forlaget Samfundslitteratur. Fredriksberg. (ca 28 sider)

Røvik, Kjell Arne (2007): Trender og Translasjoner. Ideer som former det 21. århundrets organisasjon. Kap 3 og 4. Universitetsforlaget. (ca 60 sider)

Skogstad, Anders og Einarsen, Ståle (2004). Effektiv leiing: En gjennomgang av det 20. århundres viktigste perspektiver. I Skogstad, A og Einarsen, S. (red): Ledelse på godt og vondt. Effektivitet og trivsel. Fagbokforlaget. Bergen. (23 sider).

Øgård, Morten (2005): New Public Management – fornyelse eller fortapelse av den kommunale egenart? I Baldersheim, H. og Rose, L.: Det kommunale laboratorium. Teoretiske

Pensum sist oppdatert av
Leif Longvanes

Pensum sist oppdatert dato
03.03.09

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
05.03.09