Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / JU645 Skule- og barnehageleiarens forvaltingsrolle  

JU645 Skule- og barnehageleiarens forvaltingsrolle

Kode
JU645

Norsk namn
Skule- og barnehageleiarens forvaltingsrolle

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Fagleg overlapp
Emnet overlappar 100 % med emne JU6-401 ӯkonomi og jus i utdanningsleiing "

Kategori
Obligatorisk del av Leiing i skule og barnehage.

Semester
Vår 2010

Læringsmål

Jus

Målet er å gjere deltakarane trygge på at dei utøver fagleg og administrativ leiing innanfor dei grensene rettsreglane set. Emnet gjev ei innføring i juridisk tenkemåte og over dei viktigste rettsreglane som regulerer skulen si verksemd i høve elevar, foreldre og tilsette.

Økonomi

Målet er å gje studentane kunnskapar om økonomiske tema som er viktige for å vere leiar i skulesektoren. Studentane skal forstå korleis økonomisk teori kan nyttast til å analysere dei utfordringar som oppstår når økonomiske ressursar skal nyttast på best mogeleg vis. Emnet skal gje leiarar økonomisk forståing som styrkar føresetnadene for å kommunisere effektivt med fagøkonomiske miljø.

Innhald/oppbygging

I økonomidelen av emne vert desse tema drøfta: Finansiering av velferdsstaten. Økonomiforvaltning internt og i forhold til kommune og stat. Samfunnsøkonomisk og foretaksøkonomisk lønsemd. Produksjons- og kostnadsteori. Marknadsteori. Budsjettering i skulen. Økonomistyring i skulen. Resultatvurdering i skulen.

I jusdelen av emne vert desse tema drøfta: Innføring i juridisk metode- og rettskildelære. Tolkningslære til bruk for tolking av lover og forskrifter. Forvaltningsrett i skulen/barnehagen – alminnelege forvaltningsrettslege grunnprinsipp og saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Teieplikta i skulen/barnehagen. Rett og plikt til opplæring. Arbeidsrett i skulen/barnehagen. Samarbeid skule/barnehage – heim. Skulens/barnehagens erstatningsansvar. Dagens forvaltningssystem og utviklingstrekk mot framtidas forvaltningssystem.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, utarbeide svar på øvingsoppgåve utlevert av faglærar, individuell eller gruppevis rettleiing i samband med oppgåver. Sjølvstudium.

Arbeidskrav

Presentasjon av framdrift i eige lokalbasert utviklingsprosjekt.

Sluttvurdering

Delkode 002: Deleksamen jus: 50% Heimeeksamen. Svar på utleverte juridisk oppgåver innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks sidetal vert gjort kjent.

Delkode 001: Deleksamen økonomi: 50 % Heimeeksamen. Svar på utleverte økonomiske oppgåver innan dato gjort kjent av faglærarar. Maks sidetal vert gjort kjent.

Pensum

Pensum økonomi  

Opstad, Leiv, Økonomistyring i offentlig sektor, Gyldendal Akademisk 2006

Kollstad Hansen, Negaard, Økonomi på tvers, Grunnleggende økonomistyring for kommunale ledere, Gyldendal Akademisk 2006

I tillegg består pensum av utdelte artiklar.

Pensum jus  

Woxholth, Geir; Forvaltningsloven : kommentarutgave. - 4. utg. Oslo : Ad notam Gyldendal, 2006

Geir Helgeland: Opplæringslova, kommentarutgave, 2 utg. Oslo: Universitetsforlaget, 2006

Veiledning om spesialundervisning i grunnskole og videregående opplæring. Regelverk, prosedyrer og prosesser. Udir-2004

KD (2006) Lov om barnehagar

KD (2006) Rammeplan for innhaldet og oppgåvene i barnehagen. F-4205

BFD (1991) FNs konvensjon om barns rettigheter. Stortingsmelding. Q 0648.

KD (2006) Temahefte om barns medverknad

Studentane må ha tilgang på internett for å kunne kikke på lovforarbeid, høgsterettdommar og departementsrundskriv

Supplerande pensum blir lagt til rette av faglærar.

Pensum sist oppdatert av
Leif Longvanes

Pensum sist oppdatert dato
03.03.09

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
05.03.09