Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN6-201 Amerikansk litteratur  

EN6-201 Amerikansk litteratur

Kode
EN6-201

Norsk namn
Amerikansk litteratur

Engelsk namn
American Literature

Undervisningsspråk
English

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk del av Engelsk påbygging

Semester
Haust

Forkunnskapar

60stp årseining i engelsk eller tilsvarande

Innhald/oppbygging

Emnet vil gi ei oversikt over den litteraturhistoriske utviklinga i USA frå nasjonen vart grunnlagd fram til i dag, med hovudvekt på det 19. og 20. århundret. Tekstane vert studerte på bakgrunn av dei samfunnsmessige og kulturelle hendingane dei var ein del av. Studiet av amerikansk litteratur skal gje oppleving av litterære kvalitetar, men og gi ei innføring i lesing og bruk av litteraturkritiske verk som omhandlar primærverka. Litteraturen vert diskutert på engelsk, og dette vil såleis gje øving både i samtale og analytisk tenking.

Undervisnings- og læringsformer

All undervisning er på engelsk, både i førelesingar og på seminar. Studentane må delta aktivt i diskusjonar. Det vert anbefalt at studentane dannar kollokviegrupper for å følgje opp undervisninga og for å utvikle evna til å uttrykke seg på engelsk.

 

Studentane vil få obligatorisk kurs i bibliotekbruk og søk etter informasjon. Dei vil og få trening i å finne, evaluere og bruke relevant fagleg informasjon.

 

Studenten må levere inn skriftlege oppgåver, men også gi eit munnleg innlegg på ca 15 min om eit emne knytt til pensum. Det vert gjeve tilbakemelding på både munnleg og skriftleg arbeid.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha teke dette emnet skal studentane :

– ha kunnskap om tematikken, periodiseringa og den kunstnarlege eigenarten i amerikansk litteratur.

– ha fått gode litteraturopplevingar og djupare forståing av verka sett i perspektiv av nyare litteraturkritikk.

– ha fått ei forståing av pluralismen i det amerikanske samfunnet og korleis dette har nedfelt seg i litteraturen.

– ha utvikla ferdigheiter i å søke etter, evaluere og bruke relevant sekundærlitteratur og litteraturkritiske artiklar om verka og dei periodane og trendane desse representerer.

– Ha blitt ført vidare i prosessen med å lære akademisk uttrykksmåte, både munnleg og skriftleg.

Arbeidskrav

Obligatorisk deltaking i undervisninga ( 80% )

1 munnleg innlegg om eit emne i tilknyting til eitt av verka og skriftleg innlevering av det same innan gitt frist.

1 godkjend oppgåve i litteratur

Sluttvurdering

EN6-201 Skriftleg eksamen 5t

Pensum

Emnet er kalla Amerikansk litteratur og vil gi ei oversikt over dei viktigaste periodane i amerikansk litteratur og verk som representere desse, med hovudtyngd på det 19. og 20. århundre.

 

Bakgrunn:

Sigmund Ro: Literary America,

 

Støttelitteratur:

Shiach, Don: American Drama 1900-1990,

Zilboorg, Caroline: American Prose in the 20th century.

 

Kompendium med kritikkar og utdrag frå Ruland og Bradbury: From Puritanism to Postmodernism, Strout, Cushing: Making American Tradition og andre. (ved studiestart)

 

Romanar og skodespel: ( OBS! Vi brukar ein del utgåver med kritikkar – kontakt Fjordbok for ISBN)

Kate Chopin: The Awakening

Willa Cather: O Pioneers!

Edith Wharton: Ethan Frome

Scott Fitzgerald: The Great Gatsby

Arthur Miller: Death of a Salesman

Leslie Silko: Ceremony

Ernest Hemingway: The Old Man and the Sea

Vonnegut, Kurt: Slaughterhouse-Five

Alice Walker: The Color Purple

 

Deler av Norton’s Anthology, Shorter Seventh Edition, der ein finn dei fleste av dei verka og forfattarane som er nemnde under:

 

Noveller:

Hawthorne, N:

  • “Young Goodman Brown”
  • “The Birthmark”

Poe, E.A.: “The Black Cat”

Faulkner: “A Rose for Emily”

Porter, K.A.: “Flowering Judas”

Anderson, S.: “The Egg”

Gertrude Stein: short story

Wharton, E.: “Roman Fever”

James, Henry: “The Beast in the Jungle”

Twain, Mark: “The Man Who Corrupted Hadleyburg”

Jewett, S. O: “A White Heron”

Irving: Washington: “The Legend of Sleepy Hollow”

Olsen, Tillie: “Tell me a Riddle”

Steinbeck, John: “The Chrystanthemums”

O’Connor, F. M: “Good Country People”

Charlotte Perkins Gilman : “The Yellow Wall-paper”

 

Dikt:

Longfellow, Dickinson, Whitman, Williams, Cummings, Sexton, Plath.

 

Utdrag:

Thoreau, Crevecoeur, Sojourner Truth, Harriet Jacobs, G. Stein.

Pensum sist oppdatert av
30.06.09

Pensum sist oppdatert dato
Turid Husabø

Sist revidert av
Turid Husabø

Sist revidert dato
20.05.09