Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN6-200 Samfunnsstudium påbygging  

EN6-200 Samfunnsstudium påbygging

Kode
EN6-200

Norsk namn
Samfunnsstudium påbygging

Engelsk namn
Civilization 200-level

Undervisningsspråk
English

Studiepoeng
10,00

Semester
Haustsemester 2009

Forkunnskapar

Studentane må ha greidd årseining i engelsk eller tilsvarande.

Innhald/oppbygging

Studiet tek sikte på å skapa forståing for emigrasjon generelt og spesielt frå Storbritannia og Irland til Amerika og Canada. Dette vil krevja eit historisk perspektiv på tilhøva og utviklinga av samfunnet i Storbritannia og Irland. Lærebøker i samfunnskunnskap vil bli supplerte med kart og dokumentasjon og filmar som skal hjelpa studentane til å forstå grunnane til emigrasjon og tilpassing til det nye samfunnet.

Undervisnings- og læringsformer

Pensum vil i all hovudsak bli diskutert og førelest om i timane. Det vil bli undervist 3 t per veke i haustesemesteret

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha tatt dette emnet skal studentane:

· ha tileigna seg grunnleggjande kunnskap og forståing av emigrasjon frå Storbritannia og Irland til Amerika

· ha fått historisk perspektiv på det multietniske samfunnet i USA

· ha fått høve til å samanlikna emigrasjon frå Norge til USA

Arbeidskrav

Obligatorisk deltaking i undervisninga ( 80% ).
1 innlevert og godkjend skriftleg oppgåve

Sluttvurdering

EN6-200 002 Mappe: Indivuduell prosjektoppgåve

Vekting 40%

EN6-200 001 Skriftleg eksamen. 4 t.

Vekting 60%

Pensum

Leonard Dinnerstein & David M. Reimers: Ethnic Americans. A History of Immigration

John Seriot: Elements of Civilisation. A short introduction to American history

Utlevert materiale på førelesningane

DVD og relevante filmar

Ekstralesing: Kjem ved studiestart

Sist revidert av
Bjørn Sørheim

Sist revidert dato
20.05. 2009