Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN657 Engelsk språk, litteratur og kulturstudier  

EN657 Engelsk språk, litteratur og kulturstudier

Kode
EN657

Norsk namn
Engelsk språk, litteratur og kulturstudier

Engelsk namn
English language, literature and culture

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk del av Engelsk1 for lærarar på ungdomstrinnet/mellomtrinnet

Semester
Vår

Forkunnskapar

Studentane må ha lærarkompetanse.

Innhald/oppbygging

1. Didaktisk komponent

2. Språkleg komponent

3. Litteratur/kulturell komponent

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er nettbasert og det vil bli 4 samlingar på tilsaman 8 dagar i løpet av vårsemesteret og ein studietur til York i veke 17 og 18 til våren i 2011.

Kompetanse/læringsutbyte

1 Didaktisk komponent

Etter å ha teke dette delemnet skal studentane:

  • kunna leggja til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid forankra i teori og eigen erfaring
  • kunna  arbeida med å vidareutvikla dei grunnleggjande ferdigheitane for alle elevane
  • kunna kritisk vurdera og bruka forskjellige lærebøker og andre læremidlar
  • kunna velja ut og organisera læringsaktivitetar på engelsk
  • kjenna til  den europeiske språkpermen og bruken av den

2 Språkleg komponent

Etter å ha teke dette delemnet skal studentane:

  • kunna bruka engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg og vera god språkmodell for elevane
  • kunna læra elevane om oppbygginga av språket og rettleia dei i språkutviklinga, eksempelvis gjennom kunnskap om kontrastive problem ved å få meir grundigare kjennskap til språket
  • kunne rettleia studentane i god uttale og intonasjon på engelsk
  • kunna meir teori om strukturen i engelsk for å kunna rettleia elevar i si språkutvikling

3 Litteratur/kulturell komponent

Etter å ha teke dette delemnet skal studentane:

  • kunna  leggja til rette for elevane si læring om og få utvida kunnskap om samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i engelsktalande land
  • kunna  analysera, velja ut og leggja til rette for arbeid med engelskspråklege tekstar for born og ungdom, samt bruka eit presist og tilpassa omgrepsapparat i arbeidet med tekst
  • kunna leggja til rette for elevar sitt arbeid med engelskspråklege tekstar og utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur
  • kunna bruke digitale læringskjelder og verktøy på ein kritisk måte i eigen kunnskapsutvikling og i pedagogisk arbeid med elevar
Praksis

Det vil vera praksis i eigen klasse. Denne skal resultera i eit pedagogisk utviklingsarbeid som skal vera eit av elementa i eksamensmappa.

Ekskursjonar

Studietur til det Norske Studiesenteret i York i veke 17 og 18 i 2011

Arbeidskrav

Obligatorisk deltaking på samlingane. (80%)

To munnlege presentasjonar i litteratur.

st på 3 t i språk som skal vera godkjend før ein kan ta eksamen.

Sluttvurdering

EN657 SV1

ME Eksamensmappe som skal innehalda 1 tekst:
- Eit utviklingsarbeid i eigen klasse eller teoretisk fordjuping i didaktikk 
Vekting: 25%

SP Skriftleg prøve i språk. Vekting: 25%

MU Munnleg eksamen littetatur. Vekting: 50%

Pensum

Samfunnsstudier

John Seriot: A short Introvuction to American History

John Seriot: Elements of Civilisation: Britain, Ireland and the British Empire

Litteratur

War poems

Willa Cather: My Antonia

Wliiy Russel:Educating Rita

Harper Lee: To Kill a Mockingbird

Roddy Doyle: The Woman who Walked into Doors 

Mc Ewan, Ian: The Cement Garden

Didaktikk/Metodikk
Simensen, Aud Marit: Teaching a Foreign Language, Principle and Procidures, 2 nd ed.

Drew, Ion /Sørheim,Bjørn : English Teaching Strategies. Methods for English Teachers
Munden, Juliet / Myhre, Astrid : Twinkle Twinkle 
Fagplanar for grunnskulen og den vidaregåande skule.

Grammatikk

Dypedahl M., Hasselgård H. Løken B : Introducing English Grammar. 
Utleverte øvingsoppgåver 

Fonetikk
Nilsen, Thor Sigurd, Rugesæter, Kåre N.: Basic English Phonetics for Teachers
The sounds of English, A Basic Course
CD for individuell øving

Utlerte stensilar

Sist revidert av
Bjørn Sørheim

Sist revidert dato
20.05.2010