Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN658 Engelsk språk og ungdomslitteratur  

EN658 Engelsk språk og ungdomslitteratur

Kode
EN658

Norsk namn
Engelsk språk og ungdomslitteratur

Engelsk namn
English language and literature for young people

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk del av Engelsk 1 for lærarar i ungdomsskulen, 30 studiepoeng

Semester
Haust

Innhald/oppbygging

Studiet består av 3 komponentar:

1. Didaktisk komponent

2. Språkleg komponent

3. Litteratur/kulturell komponent

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er nettbasert, og det vil bli 4 samlingar på til saman 10 dagar i haustsemesteret med eksamen i desember.

Kompetanse/læringsutbyte

1 Didaktisk komponent

Etter å ha teke dette delemnet skal studentane: 

  • kunna planleggja, leia  og vurdera elevar sitt læringsarbeid på ein måte som tar omsyn til mangfaldet i elevgruppa når det gjeld ulike behov og kulturell og språklig bakgrunn
  • kunna aktivt gjera nytte av elevane sine erfaringar med engelsk
  • kunna arbeida med vidareutvikling av dei grunnleggjande ferdigheitane for alle elevane
  • kunna utøva ein heilskapleg vurderingspraksis og leggja til rette for elevane sin sjølvstendige språklæring ved å læra dei å velje forskjellige læringsstrategiar
  • kunna  anvenda fagkunnskapen didaktisk og reflektert i forhold til gjeldande læreplan for grunnskolen og kritisk vurdera eigen undervisning
  • kunna vurdera bruken av forskjellige metodar i undervisninga
  • kunna kritisk vurdera og bruka eigna lærebøker og andre læremidlar

2 Språkleg komponent

Etter å ha teke dette delemnet skal studentane:

  • kunna bruka engelsk sikkert og funksjonelt munnleg og skriftleg og vera god språkmodell for elevane
  • kunna læra elevane om oppbygginga av språket grammatisk og rettleia dei i språkutviklinga
  • kunne rettleia studentane i god uttale på engelsk
  • kunna rettleia elevane ved å bruka grammatiske termar for riktig språkbruk

3 Litteratur/kulturell komponent

Etter å ha teke dette delemnet skal studentane:

  • kunna  leggja til rette  for elevane si læring om og vidare utforsking av samfunnsliv, historie og kulturuttrykk i engelsktalande land
  • kunna  analysera, velja ut og leggja til rette for arbeid med engelskspråklege tekstar for born og ungdom
  • kunna leggja til rette for elevar sitt arbeid med engelskspråklege tekstar og utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur, med hovudvekt på skriftlige, munnlege og samansette tekstar for born
  • kunna vurdera og gjera utval av tekstar for born
  • kunna bruka forskjellige sjangrar og uttrykksformer i undervisninga
Arbeidskrav

Obligatorisk deltaking på samlingane. (80%)
Innlevering av 2 skriftlege arbeid i litteratur for tilbakemelding
Innlevering av 1 fagleg refleksjonstekst over emne i fagdidaktikk
Munnleg framlegging av eit tema frå didaktikk
Innlevering av 2 mindre skriftlege arbeid i språk

Sluttvurdering

EN658 SV1

 ME Presentasjonsmappe som skal innehalda 1 tekst basert på bøker frå pensum. Vekting 50%

SK Skriftleg eksamen i språk, 4 t. Vekting 50%

Pensum

Seriot, john: Elements of civilisation: Britain, Ireland and the British Empire.

Seriot, John: A short introduction to American History

Eit utval av noveller og dikt

Songs and Fairytales

Collection of Fairytales

Literature

Roald Dahl: The Twits ISBN 0-14-131138-X

John Steinbeck: Of Mice and Men

Stephanie Mayer: Twilight

Monk Kidd Sue: The Secret Life of Bees

Matt Haig: The Dead Father’s Club 

Didaktics/Methodology
Drew, Ion /Sørheim,Bjørn : English Teaching Strategies. Methods for English Teachers
Munden, Juliet / Myhre, Astrid : Twinkle Twinkle 
Simensen, Aud Marit: Teaching a Foreign Language. Principles and Procedures, 2nd ed.

Fagplanar for grunnskulen og den vidaregåande skule.

Grammar
Dypedahl M., Hasselgård H. Løken B : Introducing English Grammar. 
Utleverte øvingsoppgåver 

Phonetics
Nilsen, Thor Sigurd, Rugesæter, Kåre N.: Basic English Phonetics for Teachers
The sounds of English, A Basic Course
CD for individuell øving

Films

Eit utval av filmar

Sist revidert av
Bjørn Sørheim

Sist revidert dato
22.05. 2010