Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / EN6-121 Engelsk språk og didaktikk  

EN6-121 Engelsk språk og didaktikk

Kode
EN6-121

Norsk namn
Engelsk språk og didaktikk

Engelsk namn
English language and didactic

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk del av Engelsk 1 30 studiepoeng

Semester
Vår

Forkunnskapar

Sjå opptakskrav til studiet.

Innhald/oppbygging

Studiet består av 3 komponentar

1. Didaktisk komponent

2. Språkleg komponent

3. Litteratur/kulturell komponent

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er nettbasert og det vil bli 4 samlingar i vårsemesteret og ein studietur til York i veke 15 og 16.

Kompetanse/læringsutbyte

1 Didaktisk komponent

Læringsutbyte

Etter å ha teke dette delemnet skal studentane:

- ha tileigna seg evne til å velja og organisera læringsaktivitetar på engelsk

- ha tileigna seg kunnskap om eigen læring

- ha kjennskap til LK06

- ha kjennskap til den europeiske språkpermen og bruken av den

- ha gjort erfaringar med å undervisa i engelsk i grunnskulen

 

2 Språkleg komponent

Læringsutbyte

Etter å ha teke dette delemnet skal studentane:

- ha fått vidare øving i rett uttale og intonasjon

- ha fått grundigare kjennskap til engelsk grammatikk og rett språkbruk

- ha fått kjennskap til korleis ein kan inkludera opplæring i språklære i undervisninga

 

3 Litteratur/kulturell komponent

Læringsutbyte

Etter å ha teke dette delemnet skal studentane:

- ha fått utvikla kulturforståing gjennom arbeid med skjønnlitterære tekstar

- ha fått innføring i nokre politiske og kulturelle emne frå engelsktalande land

- ha kjennskap til nokre sentrale litterære verk frå engelskspråklege land

- ha lært om bruk av songar, rim, regler og eventyr til bruk i engelskundervisninga

- ha lest og vurdert eit utval andre engelskspråklege tekstar for born

- ha arbeidd med tilrettelegging av slike tekstar for klasserommet

Praksis

Det vil vera praksis i eigen klasse eller gjennom øvingsskulen. Denne skal dokumenterast med ein praksisrapport.

Studieopphald i utlandet

Eit studieopphald ved Det Norske Studiesenteret i York i veke 15 og 16

Arbeidskrav

Obligatorisk deltaking på samlingane. (80%)

Innlevering av 2 mindre skriftlege arbeid i litteratur som må vera godkjende for å få gå opp til eksamen. Ein godkjend rapport frå praksis. Ein prøve i språk på 3 t som skal vera bestått før ein går opp til eksamen.

Sluttvurdering

EN6-121 101 Eksamensmappe som skal innehalda 2 tekstar:
- to skriftlege oppgåver basert på bøker frå pensum
Vekting 40%

EN6-121 102 Munnleg eksamen
Vekting 60%

Pensum

Penmsum vil bli supplert i løpet av haustsemesteret 09

Collection of short stories and poems

Utvalde short stories og dikt

Novels

Willy Russel: Educating Rita

Forest Carter: The Education of Little Tree

Willa Cather: Oh, Pioneers

Harper Lee: To Kill a Mockingbird

Didaktikk/Metodikk
Drew, Ion /Sørheim,Bjørn : English Teaching Strategies. Methods for English Teachers
Munden, Juliet / Myhre, Astrid : Twinkle Twinkle
Fagplanar for grunnskulen og den vidaregåande skule.

Grammatikk
Dypedahl M., Hasselgård H. Løken B : Introducing English Grammar.
Utleverte øvingsoppgåver

Fonetikk
Nilsen, Thor Sigurd, Rugesæter, Kåre N.: Basic English Phonetics for Teachers
The sounds of English, A Basic Course
CD for individuell øving

 

 

 

Sist revidert av
Bjørn Sørheim

Sist revidert dato
20.05.09