Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE681 Praksisopphald i reiseliv  

RE681 Praksisopphald i reiseliv

Kode
RE681

Norsk namn
Praksisopphald i reiseliv

Engelsk namn
Internship

Undervisningsspråk
Gjeldande språk i verksemda

Studiepoeng
30,00

Fagleg overlapp
100% overlapp med RE6-300 Praksisopphald i reiseliv for fordjupingsretninga i opplevingsturisme og RE6-301 Praksisopphald i reiseliv for fordjupingsretninga i marknadsføring og kundekontakt

Kategori
Valemne

Semester
Vår, 4. semester

Forkunnskapar

Tidlegar reiselivsemne i bachelor i reiselivsledelse.

Innhald/oppbygging

Arbeidsoppgåvene skal vera varierte og stå i forhold til den kompetansen studenten har. Praksisopphaldet kan vere knytt til både daglege arbeidsoppgåver i verksemda, eller til gjennomføring av særskilde prosjekt. Praksisen skal knyttast til innhaldet i reiselivsstudiet.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten er sjølv ansvarleg for å skaffe eigna praksisplass. Plassen skal godkjennast av studieleiar. Det skal lagast avtale om regelmessig rettleiing og oppfølging under praksisopphaldet.

Kompetanse/læringsutbyte

Målet med praksisopphalet er at studenten gjennom praktisk arbeid skal verte kjend med ulike sider ved reiselivsnæringa.

Arbeidskrav

Obligatorisk oppmøte på praksisstaden. Arbeidsmengd tilsvarande 37,5 timar pr. veke i 18 veker inklusiv skriving av praksisrapport.

Sluttvurdering

Praksisrapport i samråd med fagleg rettleiar. Vurderinga vert gjort som greidd/ikkje greidd.

Sist revidert av
Ståle Brandshaug

Sist revidert dato
01.04.2010