Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / SØ6-304 Internasjonal økonomi  

SØ6-304 Internasjonal økonomi

Kode
SØ6-304

Norsk namn
Internasjonal økonomi

Engelsk namn
International economy

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
75% overlapp med emne SØ6-301 Internasjonal økonomi og finans

Kategori
Valfritt emne i 5. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon.

Semester
Haust

Forkunnskapar

Studentane må ha grunnleggjande kompetanse i fagområda makro, og matematikk tilsvarande kursa SØ6-100 og MA6-100

Innhald/oppbygging
  • Modellar som forklarar dei faktorane som fastlegg det internasjonale vare- og tenestebytet.
  • Modellar som forklarar dei faktorane som ligg bak arbeidsmigrasjon og kapitalrørsler over landegrensene.
  • Handelspolitiske verkemiddel og deira verknader på nasjonal velferd og inntektsfordeling.
  • Internasjonale, handelspolitiske organisasjonar (t.d. WTO)
Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil vera i form av førelesingar, kombinert med gruppeoppgåver. Eksamensoppgåvene vil bli utarbeidde på engelsk og bokmål.

Kompetanse/læringsutbyte

Studenten skal kunna gjere greie for kva faktorar som fastlegg det internasjonale vare- og tenestebytet og dei internasjonale faktorrørslene (dvs arbeidsmigrasjon og kapitalrørsler over landegrensene). Studenten skal kjenna til dei viktigaste handelspolitiske verkemidla og korleis desse verkar på nasjonal velferd og på inntektsfordelinga.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på opp til tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

SK Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Paul R. Krugman and Maurice Obstfeld. International Economics: Theory and Policy, 8th.edition. Pearson International Edition, 2009.

ISBN-10:

1408208075

ISBN-13:

9781408208076

   
   
Pensum sist oppdatert av
Torbjørn Årethun

Pensum sist oppdatert dato
12.05.2010

Godkjent av
Leif Longvanes