Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / SØ6-200 Samfunnsøkonomi (mikro)  

SØ6-200 Samfunnsøkonomi (mikro)

Kode
SØ6-200

Norsk namn
Samfunnsøkonomi (mikro)

Engelsk namn
Microeconomics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
Ingen

Kategori
Obligatorisk emne på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og eiendomsmegling.
Valfritt emne på bachelorstudiet i fornybar energi.

Semester
Vår

Forkunnskapar

Kunnskap tilsvarande innføring i rekneskap og bedriftsøkonomi (BØ6 -101) og matematikk (MA6 -100).

Innhald/oppbygging

Faglege element som skal dekkast:

Dekkast grundig: Produksjonsteori, konsumentteori, marknadsteori, effektiv ressursbruk, verknader av skattar/subsidiar og informasjonsproblem.

Orientering om: Komparative fortrinn, arbeidsmarknadsteori, marknadssvikt, styringssvikt, berekraftig utvikling, inntektsfordeling og konkurransestrategi

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og løysing av oppgåver.
Ein føresetnad er bruk av modellverkty som t.d. rekneark og / eller programmerbar kalkulator i emnet.

Kompetanse/læringsutbyte

Kurset gjev studentane innføring i grunnleggjande mikro- og marknadsteori, og øvingar i bruk av teorien på eitt eller fleire område. Studentane får innsikt i korleis ein kan modellere og analysere økonomisk tilpassing og samspelet mellom einskilde aktørar i ulike marknadsformer. Studentane skal kunne bruke det grafiske og matematiske analyseapparatet for å avgjera konsumentane sin etterspurnad gitt prisar og inntekt og produsentane sitt tilbod av varer og tenester under ulike målsetjingar (profittmaksimering, kostnadsminimering) og marknadsformer. Studentane vil og få kjennskap til korleis ulike former for politikk verkar på dei einskilde aktørane si tilpassing og prisdanninga i marknaden.

Studentane får innsikt i korleis ulike informasjonsproblem pregar økonomiske aktivitetar og korleis ulike strategival påverkar det økonomiske resultatet.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn eitt oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.
Lovlege hjelpemiddel til eksamen: Kalkulator (også programmerbar).

Pensum

Vidar Ringstad: Samfunnsøkonomi 1. Mikro- og Markedsøkonomi, siste utgåve. Cappelen Akademisk forlag.

Pensum sist oppdatert av
Johannes Idsø

Pensum sist oppdatert dato
25.02.09

Sist revidert av
Torbjørn Årethun

Sist revidert dato
16.03.2010