Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / SØ6-101 Samfunnsøkonomi (makro)  

SØ6-101 Samfunnsøkonomi (makro)

Kode
SØ6-101

Norsk namn
Samfunnsøkonomi (makro)

Engelsk namn
Macroeconomics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, eiendomsmegling og 1-årig studium i bedriftsøkonomi.
Valfritt emne på bachelorstudiet i fornybar energi.

Semester
Vår

Forkunnskapar

Ingen spesielle, men det er ein fordel med kunnskapar i matematikk som tilsvarar emnet MA6 -100.

Innhald/oppbygging

Faglege element som skal dekkast:

  • Nasjonalrekneskap
  • Makroøkonomisk politikk
  • Økonomisk vekst
  • Kunnskap om dei ulike komponentane som utgjer BNP
  • BNP som velferdsmål
  • Prisindeksar
  • Ulike renteomgrep
  • Valutakursar
  • Strukturell arbeidsløyse
  • Pengar, valuta og inflasjon
  • Kjøpekraftsparitet
  • Kvantitetsteorien
  • Renteparitet
  • Kostnader ved inflasjon
  • Konjunkturar
  • Tilbod og etterspurnad i varemarknaden
  • Tilbod og etterspurnad i pengemarknaden
  • IS-MP-modellen: Likevekt i vare- og pengemarknaden
  • Finans- og pengepolitikk
Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal forstå årsaka til og verknadene av konjunktursvingingar på kort sikt, mellom anna korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader og kan påverke det generelle økonomiske aktivitetsnivået i landet. Dei skal også ved hjelp av makroøkonomiske modellar kunne vise korleis styresmaktene kan påverke det økonomiske aktivitetsnivået. Studentane skal ha kjennskap til korleis arbeidsmarknaden verkar, og forstå kva faktorar som er viktige for å oppnå økonomisk vekst på lang sikt. Studentane skal også vere i stand til å følgje med i media og diskusjonar om landets generelle økonomiske utvikling og kva denne utviklinga har å seie for den enkelte bedrift.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn inntil to oppgåvesett til godkjenning. Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Erling Steigum: ”Moderne makroøkonomi”. Gyldendal akademiske Forlag NB: Pensum er under vurdering.

Pensum sist oppdatert av
Harald Slettvoll

Pensum sist oppdatert dato
11.04.08

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
31.03.2010