Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / SA6-403 Helse- og velferdspolitikk  

SA6-403 Helse- og velferdspolitikk

Kode
SA6-403

Norsk namn
Helse- og velferdspolitikk

Engelsk namn
Healthcare- and welfarepolicy

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk for masterstudium i organisasjon og leiing – helse- og velferdsleiing, og årsstudiet i helse- og velferdsleiing. Studieplan 2010-2014

Semester
Vår. Fjerde semester i masterstudiet. Fjerde og siste semester i årsstudiet i helse- og velferdsleiing

Forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Innhald/oppbygging

Emnet sitt hovudfokus er mot ei forståing av politikken si rolle i helse- og velferdsspørsmål. Kven bidreg i å utforme politikken? Ulike styringsideologiar. Velferdsstaten sin historikk og utvikling. Reformer si framvekst og konsekvens på grunneiningsnivå. Ikt si rolle i utvikling og modernisering av helse- og velferdssektoren.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar. Gruppearbeid. Individuell rettleiing i utarbeiding av oppgåve.

Kompetanse/læringsutbyte

Ved avslutta emne skal studenten:

  • Forstå grunnleggande teori om politikk og politikkutforming, og vere i stand til å bruke dette i analyse av helse- og velferdspolitiske spørsmål
  • Forstå helse- og velferdspolitikk som ramme og utfordring for dagleg praksis som leiarar og medarbeidarar i grunneiningar, og vere i stand til å bruke denne innsikten i møte med desse utfordringane
  • Vise kunnskap om velferdsstaten si historie og ideologiske utvikling
  • Forstå profesjonane si rolle i utforming og iverksetjing av helse- og velferdspolitikken
  • Vise innsikt i større reformer sin bakgrunn og ideologi, og korleis dei set retning for utforming av helse- og velferdstenester på grasrotplan
  • Forstå ikt si rolle som styrings- og kontrollsystem i helse- og velferdssektoren.
Arbeidskrav

Arbeidskrav nr. 3: Læringsdokument i form av 4 korte refleksjonsnotat (1-3 sider), utarbeidde mellom samlingane.

Sluttvurdering

Mappe som inneheld to arbeid:

  1. Individuell oppgåve som handlar om helse- og velferdspolitiske spørsmål og utfordringar knytte til verksemda i grunneiningar. Ca. 10 sider. Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar.
  2. Individuelt notat der studenten drøftar eigen læringsprosess med utgangpunkt i arbeidskrav nr. 3 (dei 4 refleksjonsnotata) og i teori. I tillegg skal studenten gje ei vurdering av dei ulike emna i studiet og eige utbytte av desse. Maksimalt 10 sider.

Bokstavkarakter. Det blir gitt ein samla karakter for dei to arbeida. Vurdering ut frå gitte kriterium. I vurderinga tel dei to arbeida like mykje.

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd oppgåve/notat bli levert innan gitt frist.

Pensum
  • *Alm Andreassen, Tone (2004) Brukermedvirkning i praksis – Faglig fortolkning av politiske mål. I Dale R., Thorsen, K. (red.) Velferdstjenester i endring. Fagbokforlaget. Kap. 3 (20 sider)
  • *Alm Andreassen, T., Fossestøl, K. (2009) Å utvikle en helhetlig og brukerrettet forvaltning – oppdragsstyring eller samstyring. Tidsskrift for velferdsforskning, vol. 12, nr. 3 (11 sider)
  • *Christensen, T., Egeberg M., Larsen, H.O., Lægreid, P., Roness, P.G. (2007) Forvaltning og politikk. Kapittel 6: Forvaltningspolitikk og New Public Management (22 sider)
  • *Elstad, J.I. (1991) En helse og sosialarbeider? Profesjonsstrid og lagdeling i helse- og sosialsektoren. I Piene H. (red.) Helsevesen i knipe. Ad notam, Oslo (23 sider)
  • *Fimreite, A-L., Hagen, K. (2009) Partnerskap mellom stat og kommune: Velferdspolitikkens territorielle dimensjon revisited. Tidskrift for velferdsforskning. Vol. 12, nr. 3 (13 sider)
  • *Hagen, K. og Lødemel I. (2005) Fattigdom og sosial eksklusjon. I Frønes, I. og Kjølsrød, L. (red.) Det norske samfunn. 5. utg. Gyldendal Norsk Forlag AS. Kap. 8 (25 sider)
  • *Kjølsrød, L. (2005) En tjenesteintensiv velferdsstat. I. Frønes, I. og Kjølsrød, L. (red.) Det norske samfunn. 5. utg. Gyldendal Norsk Forlag AS (26 sider)
  • *Klemsdal, L. (2009) Utviklingsprosessen på de lokale NAV-kontorene: Veien fra reform til ny praksis. Tidsskrift for velferdsforskning. Vol. 12, nr. 3 (11 sider)
  • *Lyngstad, R. (1997) Kommunen som forvaltningsorgan og politikkutformer. I Lyngstad, R., Støkken A.M. og Lichtwarck, W. (red.) Kommunen som velferdsyter. Universitetsforlaget (14 sider)
  • *Ramsdal, H., Michelsen, S., Årseth, T. (2002) Profesjonar, stat og lokalstyre. Om kommunen som i verksettar av statlege velferdsreformer. I Bukve O. og Offerdal A. (red.) Den nye kommunen. Kommunal organisering i endring. Det norske samlaget. Kap. 10 (27 sider)
  • *Rønning, Rolf (2001) Til forsvar for velferdsbyråkratiet. I Bay, A-H., Hvinden, B., Koren. C. (red.) Virker velferdsstaten. Høyskoleforlaget AS (20 sider)

Offentlege utredningar/Stortingsmeldingar:

Alle førelesingar og aktivitetar knytt til førelesingane er å sjå på som pensum.

NB: Pensum kan bli revidert fram til emnestart.

Aktuell litteratur for utdjuping, supplement:

  • Esping –Andersen, G. og Korpi, W. (1987) From poor relief to institutional welfare states: The development of Scandinavian Social Policy. Reprints series no.170. Swedish Institute for Social Research
  • Wærness, K. (2001) Den norske velferdsstaten i en tid preget av individualisering og globalisering. I Bay, A-H., Hvinden, B. Koren. C. (red.) Virker velferdsstaten. Høyskoleforlaget AS (13 sider)
Pensum sist oppdatert av
Olina Kollbotn

Pensum sist oppdatert dato
27. mars 2010

Sist revidert av
Olina Kollbotn

Sist revidert dato
27. mars 2010