Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / SA6-402 Utdanningspolitikk  

SA6-402 Utdanningspolitikk

Kode
SA6-402

Norsk namn
Utdanningspolitikk

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk for masterstudium Organisasjon og leiing – utdanningsleiingleiing og årsstudiet i utdanningsleiing. Studieplan 2010-2014


Semester
Vår. Fjerde semester i masterstudium i Organisasjon og leiing – utdanningsleiingleiing og årsstudiet i utdanningsleiing

Forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Innhald/oppbygging

Emnet skal auke studentane si innsikt i den samfunnsmessige grunngjevinga for oppbygging og utvikling av utdanningstilboda i Noreg og andre land. Det skal òg gje forståing av det norske utdanningssystemet som iverksetjingssystem for utdanningspolitikk. Studentane skal bli kjende med grunnleggjande problemstillingar innan pedagogisk leiing og utviklingsarbeid sett i lys av dei utdanningspolitiske problemstillingane.

Studiet tematiserer også danning av leiaridentitet og leiararbeid i ein skule og barnehage som møte store omstillingskrav. Samanhengen og samspelet mellom lærarane si undervisning og barn/unge si læring vil bli problematisert. Søkelyset vert retta mot tilrettelegging av læring både for barn/unge og for profesjonsgruppene i utdanningsinstitusjonar. Drøftingane vil omfatte ein analyse av forholdet mellom sentralt gitte læreplanar og arbeidet med å realisere desse.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid, caseanalysar og seminararbeid.

Søkelyset blir retta mot aktuelle utdanningspolitiske spørsmål både innan barnehage, skule, høgskule og universitet. Føresetnader for og utforming av utdanningspolitikken vert drøfta, og utdanningsinstitusjonane som iverksetjingssystem analysert. Stortingsmeldingar og offentlege utgreiingar er sentrale kjelder. Denne modulen rettar også merksemda mot utviklingsarbeid og pedagogisk leiarskap. Problemstillingar blir relaterte til det å vere pedagogisk leiar i ein lærande organisasjon og ansvar for pedagogisk utviklingsarbeid sett frå perspektiv som kvalitet, verdispørsmål og yrkesetikk. Utviklingsarbeidet rettar seg både mot intern utvikling av skulen og skulen si samhandling med omverda. Tekstutforming er ein sentral del av studentane sin læringsprosess.

Kompetanse/læringsutbyte

Ved avslutta emne skal studenten kunne:

  •  Forstå grunnleggande idear om politikk og politikkutforming, og vere i stand til å anvende dette i analysar av nasjonale og internasjonale utdanningspolitiske spørsmål.
  • Nytte analysar av aktuelle utdanningspolitiske dokument som ramme for dagleg praksis som leiar i skule og barnehage.
  • Forstå og drøfte forholdet mellom politikk, forvaltning og profesjon.
  • Drøfte makt, tillit og uformelle roller i utdanningsorganisasjonar.
  • Gjere greie for og analysere ulike utdanningsinstitusjonar sitt særpreg.
  • Nytte analysar av politiske prosessar rundt ikt som kunnskapssystem og som system som påverkar pedagogisk verksemd.
Arbeidskrav

Arbeidskrav nr. 3: Læringsdokument i form av 4 korte refleksjonsnotat (1-3 sider) utarbeidde mellom samlingane.

Sluttvurdering

Mappe som inneheld 2 arbeid:

  1. Individuell artikkel som handlar om utdanningspolitikk i pedagogisk verksemd. Tilrådd omfang 10-12 sider, innlevering innan dato gjort kjend av faglærar.
  2. Individuelt notat som drøftar eigen læringsprosess med utgangspunkt i arbeidskrav nr. 3 (dei 4 refleksjonsnotata) og i teori. Maksimalt 5 sider.

Bokstavkarakter. Det blir gitt ein samla karakter for dei to arbeida, og vurdert etter gitte kriterium.

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast innan gitt frist.

Pensum

I modulen Utdanningspolitikk (SA6-402) byggjer vi vidare på noko av litteraturen frå modulen Leiing av pedagogisk verksemd (SA-401). Bøkene med stjerne er felles for modulane.

Bøker:  

  • *Fevolden, T. og Lillejord, S. (2005): Kvalitetsarbeid i skolen. Universitetsforlaget. Oslo. Universitetsforlaget (220 s.)
  • *Langfeldt, Gjert og Sivesind Kirsten (2006): Utdanningsledelse. Universitetsforlaget. Oslo (Kap 6-12, 110 s.)

(* = litteratur felles med Utdanningsleiing)  

Artiklar/delar av bøker (delast ut på samlingar):

  • Kjær, A. M. (2004): Governance. Malden, Polity Mass. Kap 1 og 2

I tillegg kjem 400 s. aktuelle fagartiklar og utdanningspolitiske dokument som blir publiserte i perioden for studiet

Stortingsmeldingar/andre utdanningspolitiske dokument:

Pensum sist oppdatert av
Astrid Øydvin, Knut Roald og Ingrid Syse

Pensum sist oppdatert dato
22. mars 2010

Sist revidert av
Astrid Øydvin, Knut Roald og Ingrid Syse

Sist revidert dato
22. mars 2010