Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / SA6-401 Leiing av pedagogisk verksemd  

SA6-401 Leiing av pedagogisk verksemd

Kode
SA6-401

Norsk namn
Leiing av pedagogisk verksemd

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Obligatorisk for masterstudium organisasjon og leiing – utdanningsleiingleiing og årsstudiet i utdanningsleiing. Studieplan 2010-2014.


Semester
Vår. Andre semester i masterstudium i organisasjon og leiing – utdanningsleiingleiing og årsstudiet i utdanningsleiing.

Forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Innhald/oppbygging

Emnet rettar søkelys mot leiarens arbeid med utvikling av førskulelærarar, lærarar og barn og unge sitt læringsarbeid, kvalitetsvurdering og effektiv bruk av menneskelege og materielle ressursar. Dette skjer gjennom ei praksisnær gjennomføring av studiet. Det blir lagt vekt på refleksjon rundt eigen praksis i samspel med teoretisk forståing dei sentrale faglege tema.

Undervisnings- og læringsformer

Samlingar er i hovudsak prosessretta der det blir veksla mellom forelesingar, drøftingar og refleksjon i grupper. Undervisninga vil være relatert til teori og praksiserfaringar. Det blir føresett at studentane deltek aktivt i samband med utarbeiding av tekst som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Dei blir organisert i formålstenlege grupper som skal jobbe saman undervegs i studiet.

Kompetanse/læringsutbyte

Ved avslutta emne skal studenten kunne:

  • Utøve leiarrolla i kvalitetsvurdering og kvalitetsutviklingsarbeid med utgangspunkt i læreplanforståing og systemisk tenking
  • Analysere og vidareutvikle pedagogiske utviklingsprosessar som studentane er involvert i på eigen arbeidsplass
  • Planlegge og gjennomføre leiingsprosessar med utganspunkt i skulens/førskulens idégrunnlag og ulike elev- og læringssyn
  • Forstå og bruke ikt som kunnskapssystem og som system som påverkar arbeidsprosessar og samarbeidsrelasjonar
Arbeidskrav

Arbeidskrav nr. 2: Læringsdokument i form av 4 korte (1-3 sider) refleksjonsnotat utarbeidde mellom samlingane.

Sluttvurdering

Mappe som inneheld 2 arbeid:

  1. Individuell oppgåve som handlar om leiing og utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Tilrådd omfang 10-12 sider, innlevering innan dato gjort kjend av faglærar.
  2. Individuelt notat som drøftar eigen læringsprosess med utgangspunkt i arbeidskrav nr. 2 (dei 4 refleksjonsnotata) og i teori. Maksimalt 5 sider.

Bokstavkarakter. Det blir gitt ein samla karakter for dei to arbeida, og vurdert etter gitte kriterium.

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast innan gitte fristar.

Pensum

Det kan bli endringar i samband med ny litteratur som kjem på området. Lærarar og studentar vil saman drøfte differensieringa mellom pensum for skule- og førskuletilsette.

Bøker:  

Artiklar/utdrag samla i kompendium (kan kjøpast på første samling eller tingast på Fjordbok):  

Artiklar som vert delt ut på samlingane:

  • Haslebo, G.(1998): Den lærende organisation?
  • Palm, J.(2006): Kollegial supervisjon for medarbejere – et nytt læringsrum i organisationen.
  • Kvernbekk, T (1995): Erfaringstyranni eller teorityranni – et filosofisk perspektiv på praksis. I: Lærerutdanningsrådet: Profesjonsutdanning og forsking – Fou-perspektiver på praksisfeltet. Lærerutdanningsrådets temahefter, 1995
Pensum sist oppdatert av
Astrid Øydvin, Knut Roald og Ingrid Syse

Pensum sist oppdatert dato
26. mars 2010

Sist revidert av
Astrid Øydvin, Knut Roald og Ingrid Syse

Sist revidert dato
26. mars 2010