Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / SA6-400 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar  

SA6-400 Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar

Kode
SA6-400

Norsk namn
Leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Fagleg overlapp
Nær fullt overlapp med SA6-400 Drift av grunneining

Kategori
Obligatorisk for masterstudium organisasjon og leiing; helse- og velferdsleiing, og årsstudiet i helse- og velferdsleiing. Studieplan 2010-2014.

Semester
Vår. Andre semester i masterstudium i organisasjon og leiing – helse- og velferdsleiing og årsstudiet i helse- og velferdsleiing.

Forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Innhald/oppbygging

I dette emnet er hovudfokus planlegging, drift og utvikling av mindre arbeidseiningar i helse- og velferdssektoren. Med utgangspunkt i systemteoretiske perspektiv går emnet inn på konkrete utfordringar studentane kan møte som einingsleiarar i sektoren. Sentralt står leiar si tilrettelegging for kollektiv problemløysing og kollektivt utviklings- og forbetringsarbeid.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar. Gruppearbeid. Rollespel

Individuell rettleiing i utarbeiding av eit dokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.

Kompetanse/læringsutbyte

Ved avslutta emne skal studenten:

  • Vise kunnskap om og kunne anvende systemisk tenking, planlegging og utvikling i eiga eining i lys av perspektivet
  • Ha innsikt i og kunne analysere lærings- og utviklingsprosessar på einingsnivå
  • Forstå og kunne utøve leiarrolla i slike prosessar
  • Vise innsikt i korleis prosessar og relasjonar i grupper og team kan påverke samarbeid internt og eksternt
  • Forstå ikt si rolle som kunnskapssystem og som system som påverkar arbeidsprosessar og samarbeidsrelasjonar
  • Med utgangspunkt i ei samla forståing av desse ulike områda, vere i stand til å planlegge og gjennomføre eit forbetringsprosjekt i eiga eining
Arbeidskrav

Arbeidskrav 2: Læringsdokument i form av 4 korte refleksjonsnotat, 1 – 3 sider, utarbeidde mellom samlingane.

Sluttvurdering

Mappe som inneheld to arbeid:

  1. Individuell oppgåve som handlar om leiing og utviklingsprosessar/forbetringsarbeid på eigen arbeidsplass. Ca. 10 sider. Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar. Vurdering ut frå gitte kriteriar for oppgåva.
  2. Notat som drøftar eigen læringsprosess med utgangpunkt i arbeidskrav nr. 2, og i teori. Maksimalt 5 sider. Vurdering ut frå gitte kriteriar for notatet.

Bokstavkarakter

Ved stryk eller forbetring kan studenten levere ein omarbeidd tekst innan gitt frist.

Pensum
  • Batalden, P.B, Stoltz, P.K. (1993) A Framework for the Continual Improvement of Health Care: Building and Applying Professional and Improvement Knowledge to Test Changes in Daily Work. I: Joint Commission Journal on Quality and Patient Safety.  Heft. 19/10, ISSN: 1553-7250 ss. 424 – 445 (16 s)
  • Dreyfus, Hebert og Dreyfus, Stuart (1986) Mind over Machine.  The Free Press. Kap.1 og 2 (50 s)
  • Glosvik, Øyvind (2010) Systemisk tenking som grunnlag for leiing – ein innfallsvinkel til lærande organisasjonar? I Norsk pedagogisk tidsskrift (under publisering)
  • Wadel, Cato (1997) Pedagogisk leiing og utvikling av læringskultur. I Fuglestad, O. og Lillejord S. (red.) Pedagogisk ledelse. Bergen: Fagbokforlaget (17 s)

Alle førelesingar og aktivitetar knytt til førelesingane er å sjå på som pensum.

NB: Pensum kan bli revidert fram til emnestart.

Aktuell litteratur for utdjuping, supplement:

Pensum sist oppdatert av
Olina Kollbotn

Pensum sist oppdatert dato
27. mars 2010

Sist revidert av
Olina Kollbotn

Sist revidert dato
27. mars 2010