Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE694 Bacheloroppgåve i reiseliv  

RE694 Bacheloroppgåve i reiseliv

Kode
RE694

Norsk namn
Bacheloroppgåve i reiseliv

Engelsk namn
Thesis

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
20,00

Kategori
Obligatorisk emne for bachelor i reiselivsledelse.

Semester
Vår, 6. semester.

Forkunnskapar

Alle emna i bachelor i reiselivsledelse.

Innhald/oppbygging

Prosjektarbeidet skal setje studentane i stand til å utvikle og tilrå løysing på relativt store utgreiingsoppgåver, bruke og integrere teori og metodar frå ulike delar av studiet på ei konkret problemstilling, og rapportere faglege tema i skriftleg form. Tema for prosjektarbeidet skal relaterast til valde fordjupingsretning. Oppgåvene kan med fordel vera knytt til konkrete bedrifts-, felt- eller områdeanalysar. Tema og problemstilling skal godkjennast av rettleiar.

Undervisnings- og læringsformer

Prosjektarbeidet inngår som ein del av undervisninga, og det vert gjeve rettleiing etter avtale i alle fasar av arbeidet. Prosjektarbeidet skal løysast idividuelt eller i gruppe på inntil fire studentar. Arbeidet gir godt høve til prosjektretta samarbeid/case-jobbing i grupper og saman med rettleiar.

Kompetanse/læringsutbyte

Prosjektoppgåva skal gi studentane erfaring og kunnskap om å arbeide med relativt omfattande problem over tid. Dei skal tileigne seg kunnskap om å samle inn, vurdere og nytte fleire typar data frå ulike kjelder, utnytte og utvikle fagkunnskapane sine, og utvikle evnene til diagnose, problemløysing og skriftleg rapportering.

Sluttvurdering

Innlevering av bacheloroppgåva. Det vert gitt ei samla karakter for gruppa. Bokstavkarakter.

Sist revidert av
Ståle Brandshaug

Sist revidert dato
01.04.2010