Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE6-312 Kulturbasert turisme  

RE6-312 Kulturbasert turisme

Kode
RE6-312

Norsk namn
Kulturbasert turisme

Engelsk namn
Culture based tourism

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
Emnet overlappar ikkje med tidlegare emne.

Kategori
Obligatorisk emne i 2. semester for bachelor i reiselivsledelse og årsstudium i reiseliv.

Semester
2. semester

Forkunnskapar

Anbefalt forkunnskap frå kurset RE6-105 Reiselivskunnskap.

Innhald/oppbygging

Emnet skal gje basiskunnskap om- og grunnleggjande oversyn over ressursgrunnlaget for ulike typar kulturbasert turisme. Kurset skal vidare gje studentane innsikt i sentrale problemstillingar knytt til utvikling av ulike kulturprodukt m.a. med fokus på miljømedvit og berekraft.

Sentrale tema i emnet er:

  • Grunnleggande forståing om kulturbegrepet med vekt på å presentere mangfaldet av kulturfenomen, skjæringspunktet mellom kultur og naturbasert turisme og blandingsforholdet mellom dei to opplevingssarenaene
  • Kulturspor: Kulturlandskapet, kulturminne og kulturmiljø
  • Museumsinstitusjonane som opplevelsesleverandørar
  • Fornøyelses- og temaesparkar som kulturbaserte reiselivstilbod
  • Festivalar, konsertar og spel
  • Sportsarrangement som kulturturisme
Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppeoppgåver og ekskursjonar

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:

  • kjenne mangfaldet av kulturbaserte reiselivsprodukt, og historikken bak framveksten av fenomenet.
  • kunne bruke begrepa ”turistopplevelse” og ”turistattraksjon” som basis for å forstå kjerneelementa i sentrale kulturbaserte turistprodukt.
  • tileigne seg kunnskap om sentrale suksessfaktorar i samband med utvikling og drift av turistbaserte kulturarrangement.
  • forstå musea si rolle som kulturbaserte element i turismens infrastruktur og turistane sin plassering i målgruppehierarkiet til offentlege museum.
  • forstå sportsarrangement som kulturopplevelsar og under kva betingelser slike arrangement kan ha betydning for reiselivet.
  • ha ei begrunna oppfatning av det analytiske skille mellom ein ”fornøyelsespark” og ein ”temapark” og forstå kva disse skilnadane består i.
  • få ei innføring i kulturlandskapet si rolle for turismeopplevelsane og korleis gammal bygningsmasse kan takast i bruk for å formidle stadshistorie.
Ekskursjonar

Emnet inneheld 3 - 5 ekskursjonar over 1 - 2 dagar.

Arbeidskrav

Det skal presenterast/leggjast fram ei gruppeoppgåve i grupper på inntil personar til godkjenning av faglærar.

Sluttvurdering

Skriftleg, individuell eksamen, 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum Pensum sist oppdatert av
Anders Fitje

Pensum sist oppdatert dato
01.04.2010

Sist revidert av
Anders Fitje

Sist revidert dato
01.04.2010