Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE6-310 Marknadsstrategiar og posisjonering i reiselivet  

RE6-310 Marknadsstrategiar og posisjonering i reiselivet

Kode
RE6-310

Norsk namn
Marknadsstrategiar og posisjonering i reiselivet

Engelsk namn
Strategic Branding

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatoriske emne 4. semester for bachelor i turisme og reiseliv med fordjupingsretning i marknadsføring og kundekontakt.

Semester
Vår, 4. semester

Forkunnskapar

Emnet byggjer vidare på obligatoriske marknadsførings- og organisasjonskurs for bachelor i reiseliv og emnet Opplevingsproduksjon og servicekvalitet frå 3. semester i fordjupingsretninga Marknads-føring og kundekontakt.

Læringsmål

Studentane skal tileigne seg inngåande kunnskap om ulike reiselivsmarknader og målgruppe-definering, strategiar og posisjonering i reiselivet.

Innhald/oppbygging

Emnet vektlegg marknadskunnskap som grunnlag for marknadssegmentering, målgruppedefinering, strategiutvikling og posisjonering av reiselivsføretak og reisemål:

  • Interne analysar og metodar for resultatmåling
  • Forbrukaratferd (indidv. og gruppemarknaden)
  • Marknadskunnskap, statistikk og trendar/ utviklingstrekk
  • Marknadssegmentering og målgruppedefinering
  • Marknadsstrategiar og posisjoneringsstrategiar

Ei meir detaljert beskriving av emna i kurset blir levert ut ved studiestart i januar 2009.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal lære å bruke:

  • Ulike teknikkar for interne og eksterne analyser av føretak og reisemål
  • Kunnskap om ulike marknader og forbrukaratferd i reiselivet
  • Ulike teknikkar for marknadssegmentering og målgruppedefinering i reiselivet
  • Ulike marknads- og posisjoneringsstrategiar som grunnlag for sals- og marknadsarbeid i reiselivsføretak og reisemål
Sluttvurdering

Det skal leverast inn to oppgåver til ei arbeidsmappe. Oppgåvene kan gjerast individuelt eller i grupper på inntil fire personar. Faglærar er ansvarleg for rettleiing. Høgskulen vel ut ei av oppgåvene til ei presentasjonsmappe som vert nytta ved sluttvurdering. Ved gruppeoppgåver vert det gitt felles karakter. Ved stryk kan omarbeidd oppgåve leverast.

Pensum
  • Marketing for Hospitality and Tourism (Kotler, Pearson, Prentice Hall. 4th edition, 2006),
  • Markedsføringsledelse (Kotler, Gyldendal, 3. utgåve, 1. opplag 2005)
  • Utdelt materiale
Sist revidert av
Camilla Lee Maana

Sist revidert dato
02.04.2008