Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE6-309 Attraksjonsutvikling  

RE6-309 Attraksjonsutvikling

Kode
RE6-309

Norsk namn
Attraksjonsutvikling

Engelsk namn
Developing tourism attractions

Undervisningsspråk
Norsk/ engelsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatoriske emne 6. semester for bachelor i reiselivsledelse.

Semester
Vår, 6. semester

Forkunnskapar

Emnet bygger på emna Kulturbasert turisme og Natur- og aktivitetsbasert turisme.

Innhald/oppbygging

Emnet inneheld ei teoretisk og praktisk tilnærming til fylgjande emne:

·Produkt- og attraksjonsutvikling knytt til natur- og kulturressursar i reiselivet – marknads-orientert produktutvikling, produktkunnskap, entreprenørskap og verdiskaping i små reiselivsføretak – bruk av teori og case-døme

·Kultur og kulturaktivitetar (festivalar, arrangement, konsertar, spel/teater, utstillingar, tilstellingar, aktivitetar og opplevingar knytt til lokal kultur, historie, kunst, litteratur, idrett, musikk, dans m.m.) som del av reiselivsproduktet – kopling mellom kultur og reiseliv i eit urbant, ruralt og internasjonalt perspektiv

·Marknadsføring og marknadskommunikasjon i små reiselivsføretak

·Interpretasjon, formidling, service og servicekvalitet – teori og praksis

Emnet legg vekt på kunnskap om utvikling og verdiskaping knytt til berekraftig bruk av natur- og kulturarven i reiselivssamanheng.

Undervisnings- og læringsformer

Ein vil veksle mellom førelesingar, gruppeøvingar, ekskursjonar og casestudie.

Kompetanse/læringsutbyte

I emnet skal du:

  • få kunnskap om teknikkar, verktøy og prosesser som kan brukes i utvikling av reiselivsattarksjonar og i opplevingsproduksjon
  • få kunnskap om hvordan du kan bruke historiefortelling, interpretasjon og vertskapsrollen som ein aktiv del av produktopplevelsen
  • tilegne deg kunnskap som gjer at du kan etablere eller utvikle reiselivsattraksjonar, opplevingar og opplevingselemet i reiselivet

Emnet skal gi studentane inngåande kunnskap om marknadsorinetert, berekraftig attraksjons-, og produktutvikling knytt til natur- og kulturressursar i reiselivet. Koplinga mellom kulturaktivitetar og reiseliv utgjer ein sentral del av emnet. Studentane skal bli kjend med eit teoretisk og praktisk rammeverk for entreprenørskap og verdiskaping i små reiselivsføretak, metodar for utvikling av vertskapsrolla, interpretasjon og servicekvalitet, saman med kunnskap om marknadsføring av små reiselivsføretak.

Ekskursjonar

Emnet kan innehalde bedriftsbesøk og ekskursjon med anbefalt deltaking.

Sluttvurdering

Mappevurdering 50%: 002

- Det skal leverast inn 2 obligatoriske oppgåver til arbeidsmappe undervegs i studiet. Oppgåvene skal løysast i grupper på opp til fire personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar. Faglærar vel ut 1 oppgåve frå arbeidsmappa til presentasjonsmappa ei veke før eksamen.

- Innlevering av presentasjonsmappe same dag som skuleeksamen. Det vert gjort ei samla vurdering av presentasjonsmappa for deltakarane i gruppa.

Ved stryk på presentasjonsmappa skal forbetra mappe innleverast. Ved ynskje om forbetring av karakteren skal ny presentasjonsmappe løysast og leverast individuelt.

Skriftleg eksamen: 001
5 timar 50%. Bokstavkarakterar.

Pensum

Artikkelbasert pensum (kompendium). Vert lagt fram ved studiestart.

Sist revidert av
Astrid M. Øyrehagen

Sist revidert dato
22.04.2008