Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE6-308 Naturbasert turisme  

RE6-308 Naturbasert turisme

Kode
RE6-308

Norsk namn
Naturbasert turisme

Engelsk namn
Nature based tourism

Undervisningsspråk
Norsk/ engelsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
Emnet overlappar 100% med emnet RE6-308 Natur og aktivitetsbasert turisme.



Kategori
Obligatorisk emne 3. semester for bachelor reiselivsledelse.

Semester
Haust. 3. semester

Forkunnskapar

Obligatoriske emne for bachelor i reiselivsledelse.

Innhald/oppbygging

Emnet skal gje eit oversyn over sentrale problemstillingar knytt til utvikling av naturbaserte reiselivsprodukt, og fokusere på følgjande tema:

  • Avklaring av sentrale omgrep
  • Historiske endringar i korleis naturen vert nytta i reiselivssamanheng
  • Opplevingsdimensjonar knytt til ulike naturbaserte reiselivsprodukt
  • Motivasjonsteoriar knytt til deltaking på ulike aktivitetsbaserte reiselivsprodukt
  • Kva veit ein om marknaden for naturbasert reiseliv i Noreg i dag?
  • Lover og forskrifter med relevans for utvikling av naturbaserte reiselivsprodukt
  • Problemstillingar knytt til tilrettelegging for naturbasert reiseliv og bruk av verna områder i reiselivssamanheng

Emnet inneheld ein praktisk del der studentane gjennom feltekskursjonar skal tilegne seg grunnleggande ferdigheiter for å kunne ha med en gruppe på dagsturar ute: turplanlegging, leirliv, orientering og førstehjelp.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, gruppeoppgåver og sjølvstudium. Ekskursjonar vert nytta for å utdjupe einsklide tema.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal kunne utvikle og kvalitetssikre naturbaserte reiselivsprodukt, sjølv kunne leie enkle naturbaserte aktivitetar og ha kjennskap til retningslinjer for berekraftig naturbasert reiselivsutvikling.

Studentane skal:

  • kjenne til mangfaldet av naturbaserte reiselivsprodukt og korleis naturen har vorten nytta i reiselivssamanheng opp gjennom historia.
  • kunne reflektere over kva opplevingar dei ulike aktivitetane inneber, kjenne til teoriar for kva som motiverer turistar til deltaking på desse aktivitetane, og ha oppdatert kunnskap om marknaden for desse aktivitetane.
  • kjenne til lovverk med spesiell relevans for naturbaserte reiselivsprodukt og kunne resonnere sjølvstendig kring problemstillinar som omhandlar tilrettelegging for naturbaserte aktivitetar og reiseliv knytt til verna områder.
  • kunne legge til rette for og ha med seg ei gruppe turistar på dagsturar i naturen.
Ekskursjonar

Emnet inneheld 2-3 ekskursjoner av 1-3 dagers varighe.

Arbeidskrav

Det er to arbeidskrav i emnet: eit praktisk arbeidskrav knytt til organisering av tur for ei gruppe, og ei skriftleg oppgåve som skal løysast i grupper på inntil fire personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenning av arbeidskrava.

 

Sluttvurdering

Skriftleg, individuell eksamen, 5timar. Bokstavkarakter

Pensum

  - Kapittel 1: Naturbasert turisme. S 17-33
  - Kapittel 2: Naturbasert turismemarked. S 37-73
 - Kapittel 3: Naturbasert turismeprodukt. S75-92

  - Kap 3: Friluftsliv og friluftslov. S 54-63
  - Kap 4: Turplanlegging. S 66-72

  • Viken, A. (1998). Tourism regulation – cultural norms or legislation? Outdoor life and tourism regulation in Finnmark and on Svalbard. In: Humphreys, B., Pedersen, Å. Ø., Prokosch, P., Smilth, S., Stonehouse, B. (eds.). Linking tourism and conservation in the Arctic. Proceedings from workshops hosted by the Norwegian Polar Institute and WWF Arctiv Programme. Norsk polarinstitutt. Meddelelser No. 159. Pp 63-74

Tilleggslitteratur: To rapporter fra Norges skogeierforbund:

Pensum sist oppdatert av
Kristin Løseth

Pensum sist oppdatert dato
01.04.2010

Sist revidert av
Kristin Løseth

Sist revidert dato
01.04.10