Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE6-314 Marknadskommunikasjon i reiselivet  

RE6-314 Marknadskommunikasjon i reiselivet

Kode
RE6-314

Norsk namn
Marknadskommunikasjon i reiselivet

Engelsk namn
Marketing for hospitality and tourism

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
60% overlapp med RE6-302 Marknadskommunikasjon i reiselivet

Kategori
Obligatorsik emne i bachelorstudiet i reiselivsledelse.

Semester
Haust, 5. semester

Forkunnskapar

Byggjer på emna OR6-102 Marknadsføring, RE XXX Forbrukaråtferd i reiselivet og RE6-202 Marknadsanalyse og merkevarastrategi.

Innhald/oppbygging

Emnet tek føre seg:

  • Kommunikasjonsteori
  • Særtrekk ved service- og tenestemarknadsføring
  • Strategisk marknadsplanlegging som overbygging for marknadskommunikasjon - strategisk forankring for val av kanalar, tiltak og virkemiddel i marknadskommunikasjon
  • Marknadssegmentering, målretting og strategisk posisjonering - marknads- og posisjoneringsstrategiar
  • Etikk, regulering og rammeverk for marknadskommunikasjon
  • Ulike kanalar, tiltak og virkemiddel i marknadskommunikasjon for reiselivsbedrifter, organisasjonar og reisemål
  • Reiselivsproduktet - marknadsorientering og produkt/marknadskonsept
  • Prisstrategiar
  • Distribusjon og kanalar
  • Promosjon
  • Salg og relasjonsbygging
  • PR, mediahendtering og samfunnskontakt
  • E-marknadsføring og interaktiv marknadsføring (web 2.0, bruk av sosiale media, blogging mm.)
  • Destinasjonsmarknadsføring
  • Framtidige utfordringar i marknadskommunikasjon
  • Planlegging av marknadskommunikasjon
  • Styrker og svakheiter innan ulike marknadskommunikasjonsteoriar
Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil variere mellom forelesing, gjesteforelesing og oppgåveløysing.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:

  • ha kunnskap om ulike begrep, teknikkar, verktøy og prosessar i strategisk marknadsarbeid i reiselivet
  • kunne lage ein strategisk forankra marknads- og kommunikasjonsplan for reiselivsføretak og reisemål
  • ha kunnskap om analytisk marknadssegmentering, målretta marknadskommunikasjon og strategisk posisjonering
  • ha grunnleggjande kunnskap om etikk, regulering og rammeverk for marknadskommunikasjon
  • kunne vurdere, velje ut og bruke ulike kanalar, tiltak og virkemiddel i marknadskommunikasjon for reiselivsbedrifter, organisasjonar og reisemål
  • kunne vurdere og bruke ulike teknikkar og verktøy under kvart steg i det strategiske marknadsarbeidet
  • kjenne til styrker og svakheiter ved ulike teoriar og praktisk erfaringar knytt til ulike former for marknadskommunikasjon
Arbeidskrav

Det skal leverast inn 2 obligatoriske oppgåver. Oppgåvene skal løysast i grupper på opp til fire personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar. Faglærara står for godkjenning av oppgåvene.

Sluttvurdering

HE Heimeeksamen i 5 dagar i grupper på inntil fire personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennas av faglærer. Bokstavkarakter

Ved stryk skal ein forbetre eksisterande eksamensoppgåve. Ved forbetring skal ein løyse ny eksamensoppgåve.

Pensum

Støttelitteratur:

Pensum sist oppdatert av
Ståle Brandshaug

Pensum sist oppdatert dato
01.04.2010

Sist revidert av
Ståle Brandshaug

Sist revidert dato
01.04.2010