Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE6-301 Praksisopphald i reiseliv for fordjupingsretninga i marknadsføring og kundekontakt  

RE6-301 Praksisopphald i reiseliv for fordjupingsretninga i marknadsføring og kundekontakt

Kode
RE6-301

Norsk namn
Praksisopphald i reiseliv for fordjupingsretninga i marknadsføring og kundekontakt

Engelsk namn
Internship

Undervisningsspråk
Gjeldande språk i verksemda

Studiepoeng
30,00

Kategori
Valemne.



Semester
Haust, 5. semester.

Forkunnskapar

Tidlegare reiselivsemne og fordjupingsemne.

Læringsmål

Målet med praksisopphaldet er at studenten gjennom praktisk arbeid skal verte kjend med sider ved reiselivsnæringa knytt til valde fordjupingsretning.

Innhald/oppbygging

Arbeidsoppgåvene skal vere varierte, og stå i forhold til den kompetansen studenten har. Praksisopphaldet kan vere knytt til både daglege arbeidsoppgåver i verksemda, eller til gjennomføring av særskilde prosjekt. Praksisen skal knytast til innhaldet i fordjupingsretninga.

Undervisnings- og læringsformer

Studenten er sjølv ansvarleg for å skaffe eigna praksisplass. Plassen skal godkjennast/må vere godkjent av høgskulen. Det skal inngåast avtale om regelmessig rettleiing og oppfølging under praksisopphaldet.

Arbeidskrav

Obligatorisk oppmøte på praksisstaden. Arbeidsmengde tilsvarande 37,5 timer pr. veke i 18 veker inklusiv skriving av praksisrapport.

Sluttvurdering

Praksisrapport i samråd med fagleg rettleiar. Vurdering vert gjort som greidd/Ikkje greidd.

Sist revidert av


Sist revidert dato
25.04.2008