RE6-205 Bygdeturisme

Kode
RE6-205

Norsk namn
Bygdeturisme

Engelsk namn
Rural Tourism

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
Emnet overlappar ikkje med tidlegare emne.

Kategori
Valemne 5. semester for bachelor i reiselivsledelse.

Semester
Haust, 5. semester

Forkunnskapar

Emnet byggjer på obligatoriske reiselivsemne i bachelor i reiselivsledelse.

Innhald/oppbygging

Emnet fokuserer på utvikling og verdiskaping innafor bygdeturisme og små reiselivsføretak. Fylgjande emne er sentrale:

  • Bygdeturisme: begrepsavklaring og historikk
  • Samarbeidsformer og organisering
  • Marknadsorientert produktutvikling - personleg tilnærming og vertskapsrolla som element i produktutvikling
  • Kvalitetssikring og prissetting
  • Rammebetingelsar for bygdeturisme
  • Offentlege støtteordningar i Norge og bygdeturisme i eit internasjonalt perspektiv
  • Bedriftsbesøk med oppgåveskriving
Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteforelesingar, bedriftsbesøk og casestudie.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

  • ha kunnskap om sentrale kriterium for avgrensing av fenomenet bygdeturisme og kunne velje si begrepsforståing ut frå dette.
  • kjenne dei ulike aktørgruppene i næringa og forstå samspelet mellom dei ulike hovudkategoriane.
  • ha kunnskap om samarbeidsformer, marknadsorientert produktutvikling, vertskapsrolla, kvalitetssikring og prissetting innan bygdeturisme
  • vurdere næringsorganisasjonen (Hanen) si rolle i den vidare utviklinga av bygdeturismetilbodet i Norge. Studenten skal kjenne til dei viktigaste utfordringane i detterbeidet og forstå og kunne bruke den kompetansen som må anvendast for å lukkast i å føre næringa vidare.
  • kjenne til korleis det offentlege verkemiddelapparatet freistar å stø opp under utviklingsarbeidet og kva betydning bygdeturismen er antatt å ha for det totale reiselivstilbodet i landet.
Ekskursjonar

Emnet inneheld 2-3 obligatoriske bedriftsbesøk/ekskursjonar.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn 2 obligatoriske oppgåver. Oppgåvene skal løysast i grupper på opp til fire personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar. Faglærara står for godkjenning av oppgåva.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 5 timar. Bokstavkarakter.

Pensum Pensum sist oppdatert av
Anders Fitje

Pensum sist oppdatert dato
01.04.2010

Sist revidert av
Anders Fitje

Sist revidert dato
01.04.2010