Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE6-202 Marknadsanalyse og merkevarestrategi  

RE6-202 Marknadsanalyse og merkevarestrategi

Kode
RE6-202

Norsk namn
Marknadsanalyse og merkevarestrategi

Engelsk namn
Marketing Management and Strategic Brand Management

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
Emnet overlappar OR685 Marknadsanalyse og merkevarestrategi med 30%

Kategori
Obligatorisk emne i bachelorstudium i reiselivsledelse og valfritt emne i bachelorstudium i økonomi og administrasjon.

Semester
Vår

Forkunnskapar

Emnet byggjer på OR6-101 Organisasjonskunnskap, OR6-102 Marknadsføring.

Innhald/oppbygging

Dette emnet byggjer vidare på omgrep og modellar som er omhandla i OR6-100 Marknadsføring, og utvidar kunnskapen om utvalde marknadsspørsmål og marknadsanalyse. Det å planleggja og forstå kvalitative og kvantitative marknadsundersøkingar er tillagt stor vekt. Innanfor merkevareleiing kjem ein innom følgjande tema: Kundebasert merkeverdi, posisjonering av eit merke, korleis byggje ei merkevare, korleis måle og tolke kor bra eit merke gjer det og korleis auke eit merke sin verdi.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gruppearbeid, øvingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal etter avslutta emne kunne:

  •  Lage spørjeskjema knytt til marknadsanalysar
  •  Analysere spørjeskjemadata med beskrivande statistikk
  •  Forstå dei viktigaste begrepa innanfor merkevarestrategi
  •  Forstå ulike prinsipp for korleis ei merkevare kan byggjast
Arbeidskrav

1 oppgåve til innlevering undervegs i studiet. Oppgåva skal løysast i grupper på opp til tre personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen 4 timar. Bokstavkarakter.

Pensum

Pensum er førebels og kan verta endra fram mot semesterstart.

Pensum sist oppdatert av
Ove Oklevik

Pensum sist oppdatert dato
09.03.2010

Sist revidert av
Ove Oklevik

Sist revidert dato
09.03.2010