Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE6-103 Reisemålsutvikling  

RE6-103 Reisemålsutvikling

Kode
RE6-103

Norsk namn
Reisemålsutvikling

Engelsk namn
Tourism planning

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
100% overlapp med emnet RE6-103 Reiselivsplanlegging og berekraftig reiseliv.

Kategori
Obligatorisk emne 4. semester for bachelor i reiselivsledelse.

Semester
Vår, 2. semester.

Forkunnskapar

Tilrådd emna RE6-10X Reiselivskunnskap, RE6-201 Kulturbasert turisme, RE6-308 Naturbasert turisme, RE6-XXX Forbrukaråtferd i reiselivet, RE6-201 Økonomistyring og leiing av reiselivsføretak og RE6-102 Turisme og samfunn.

Innhald/oppbygging

Emnet tek for seg teoriar, teknikkar, prosessverktøy og metoder for å arbeide praktisk med reisemålsutvikling og heilskapleg reiselivsplanlegging. Emnet tek bl.a. føre seg overordna planlegging og utvikling i reiselivet, og kunnskap om og styringssystem og reiselivsorganisering for handtering av økonomiske, fysiske, miljømessige og kulturelle utfordringar knytt til reiselivsutvikling i eit heilskapleg, berekraftig perspektiv på områdenivå (region/reisemål).

Fylgjande emne er sentrale i emnet:

  • Reisemålsutvikling - metodar, analyser, verktøy og prosess
  • Reiselivsplanlegging- og utvikling (globalt/internasjonalt-, nasjonalt-, regionalt-, og lokalt nivå)
  • Prosjektutvikling, prosjekt- og prosesstyring i reiselivet (prosjektleiing)
  • Organisering av reiselivet – ulike nivå og funksjonar
  • Berekraftig reiselivsutvikling – innhald og prinsipp
  • Miljømessige, sosiokulturelle, kulturelle og samfunnsmessige verknader av reiselivet
Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil variere mellom vanlege førelesingar, gjesteførelesingar og øvingsoppgåver realtert til case.

Kompetanse/læringsutbyte

Emnet skal gi studentane kunnskap om verktøy og metodar for å sette i gong- og arbeide med heilskapleg reisemålsutvikling av destinasjonar, kommuner og regioner.

Studentane skal ha kunnskap om:

  • kvifor ein bør utvikle reiselivet etter ein heilskapleg plan
  • utfordringar knytt til heilskapleg reismemålsutvikling og reiselivsplanlegging
  • prosessverktøy og metodar for å oppstart, organisering og gjennomføring av reisemålsutviklings- og reiselivsplanprosessar/-prosjekt
  • undersøkelses- og analyseverktøy for evaluering av reisemål
  • teoriar, modellar og verktøy for strategisk reisemålsutvikling (produkt/marknadsutvikling) basert på ulike undersøkelsar og analysar
  • utfordringar og metoder for berekraftig reiselivsutvikling på bedrifts- og reisemålsnivå
  • metoder og verktøy for implementering og gjennomføring av utvikllingstiltak på område/reisemålsnivå
  • strukturere, sette i gong og bidra i praktiske reisemålsutviklingsprosessar
Arbeidskrav

Det skal leverast inn 2 oppgåver til godkjenning av faglærar. Oppgåvene skal løysast i grupper på inntil fire. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar.

Sluttvurdering

Heimeeksamen over 5 dagar, individuelt eller i gruppe på inntil fire. Det vert gitt ein samla karakter for gruppene. Bokstavkarakter.

Ved stryk skal ein forbetre eksisterande eksamensoppgåve. Ved forbetring skal ein løyse ny eksamensoppgåve.

Pensum Pensum sist oppdatert av
Ståle Brandshaug

Pensum sist oppdatert dato
01.04.2010

Sist revidert av
Ståle Brandshaug

Sist revidert dato
01.04.2010