Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / RE6-102 Turisme og samfunn  

RE6-102 Turisme og samfunn

Kode
RE6-102

Norsk namn
Turisme og samfunn

Engelsk namn
Sosial, economic and political dimensions in tourism

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
Emnet overlappar ikkje med tidlegare emne.

Kategori
Obligatorisk emne 4. semester for bachelorstudium i reiselivsledelse.

Semester
Vår, 4. semester.

Forkunnskapar

Tilrådd emna RE6-10X Reiselivskunnskap og RE XXX Forbrukaråtferd i reiselivet

Innhald/oppbygging

Emnet skal gje forståelse for på kva måte turismen har konsekvensar for viktige samfunnsområder. Dernest skal det forklarast på kva måte myndighetene søkjer å fremme positive effektar og hemme eller eliminere negative samfunnseffektar av turisme. Vidare tek kurset sikte på å forklare korleis slike effektkorrigerande tiltak vert utforma og i kva grad turismenæringa sjølv kan vere med på å utforme sine eigne politiske rammebetingelsar.

Sentrale tema i emnet er:

  • Presentasjon av ulike turismeformer og samfunn i forhold til turismens samfunnsmessige betydning
  • Turismens betydning for verdiskapinga og sysselsettinga i eit samfunn
  • Turismen sin effekt på busettingsmønsteret
  • Konsekvensar av turisme i høve til natur og kultur
  • Turismen sin betydning i forhold til folks velferdsnivå
  • Finans- og pengepolitikk med relevans for turismenæringa
  • Distrikts- og miljøpolitikk med relevans for turismenæringa
  • Velferdspolitikk med relevans for turismenæringa
  • Politikkutforming i det korporative norske samfunn
  • Turismenæringa som politisk aktør
Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteførelesingar, litteraturstudium, dømestudium, ekskursjon.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:

  • ta stilling til ein gitt turisme sin betydning for eit gitt samfunn på sentrale områder som verdiskaping, sysselsetting, busetting, naturvern, kulturvern og velferd med bakgrunn i kunnskap om sentral offentleg statistikk, der turismens relative betydning vert vektlagt.
  • forstå bakgrunnen for offentlege reguleringstiltak innretta mot ulike deler av turismenæringa og korleis dette er meint å sikre turistbedriftene sitt forbrukar- arbeidsgjevar- og samfunnsansvar.
  • forstå dei sentrale prosessane i forvaltninga i forhold til utarbeiding av lovverk og andre former for reguleringstiltak for dernest å kunne vurdere turistnæringa sine organisasjonar som politiske påverkingsaktørar.
Ekskursjonar

Det kan bli lagt opp til ein 1-dags ekskursjon med anbefalt deltaking.

Arbeidskrav

Det skal leverast inn 2 oppgåver med presentasjonar i plenum til godkjenning av faglærar. Oppgåvene skal løysast i grupper på opp til fire personar. Individuell oppgåveløysing må godkjennast av faglærar.

Sluttvurdering

Skriftleg eksamen, 5 timar. Bokstavkarakterar.

Pensum Pensum sist oppdatert av
Anders Fitje

Pensum sist oppdatert dato
01.04.2010

Sist revidert av
Anders Fitje

Sist revidert dato
01.04.2010