Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR614 Organisasjon og leiing  

OR614 Organisasjon og leiing

Kode
OR614

Norsk namn
Organisasjon og leiing

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne i masterstudiet i organisasjon og leiing. Obligatorisk emne i utdanningsadministrasjon, helse- og sosialadministrasjon og rektorskulen.

Semester
Første semester i masterstudiet i organisasjon og leiing/årstudiene.

Forkunnskapar

Syner til opptakskrav formulert i studieplanen.

Læringsmål

Målet er at studentane skal lære å sjå eigen organisasjon gjennom organisasjonsteoretiske omgrep. Studentane skal tileigne seg ei forståing av korleis organisasjonar fungerer, internt og i forhold til omverda. Dette inneber å lære om sentrale problemområde, hypoteser og undersøkingar der oppbygging av organisasjonar og deira verkemåde er sentrale. Ei innføring i sentrale teoriar om leiing er ein integrert del av organisasjonsforståinga.

Innhald/oppbygging

Emnet tek opp eit utval problemstillingar og tema som er relevant for alle organisasjonar og organisasjonstypar. Relevansen for eigen organisasjon skal synleggjerast gjennom studentanes praktiske tilnærming til lærestoffet. Grunnleggjande tema og problemstillingane er: Perspektiv på organisjonar, organisasjonsstruktur, organisasjonar og omverd, organisasjonskultur, leiing og teoriar om leiing, kommunikasjon og læring i organisasjonar, forhandlingar i organisasjonar, den profesjonelle organisasjonen og avgjerdstaking i organisasjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Deltakaranes erfaringar og dermed eksisterande organisasjonsforståing skal utfordrast gjennom tilvisingar til relevant teori og alternative perspektiv. Emnet er lagt opp som eit deltidsstudium med ein kombinasjon av fysiske samlingar (ca. 20 - 40 timer i fellessamlinger) og nettbasert arbeid. I samlingane vekslar ein mellom mellom forelesninger, øvingar og drøftingar.

Arbeidskrav

A-krav nr. 1: Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet

Sluttvurdering

OR614 Organisasjon og leiing
Mappevurdering
Studenten skal levere eit dokument på maks 5 s. som drøftar eit organisasjonsroblem eller utfordring på eigen arbeidsplass innan dato gjort kjent av faglærar. Kan vere individuelt, eller i gruppe på maks 3. studentar. (Kan då levere 10 sider).

Bokstavkarakterar

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast.

Pensum

Bukve, Oddbjørn (1997): Kommunal forvaltning og planlegging. 3.utgåve. Oslo: Samlaget (Del I , 74 s.)

Dalin, Per (1994): Skolen som organisasjon. Kap. 3 i: Skoleutvikling. Teorier for forandring. Gyldendal forlag: Oslo (62 s)

Glosvik, Øyvind (2006): Organisasjonsteoretiske perspekt i utdanningsleiing. Kapittel 5 i Gjert Langfeldt, Kirsten Sivesind og Guri Skedsmo Utdanningsledelse, Cappelen (Blir delt ut)

Hernes, H. (2002). Perspektiver på profesjoner (kap. 2). I Nylehn, B og A.M. Støkken (red.). De profesjonelle. Relasjoner, identitet og utdanning. Oslo: Universitetsforlaget. (13 s)

Jacobsen, Dag Ingvar og Jan Thorsvik (2002): Hvordan organisasjoner fungerer. Innføring i organisasjon og ledelse. Bergen: Fagbokforlaget (416 s.)

Øgård, Morten (2005): New Public Management – fornyelse eller fortapelse av den kommunale egenart? I Baldersheim, H. og Rose, L.: Det kommunale laboratorium. Teoretiske perspektiver på lokal politikk og organisering. Fagbokforlaget. Bergen (kap. 2 (27 s.)) Ny utgave – ny tittel på kap. 2.

Ressurslitteratur/tilleggslitteratur :

Studentane vert oppmoda om å lese relevant fagstoff ut over det minimum av pensum kurset omfattar. Følgjande litteratur vert tilrådd:

Bukve, Oddbjørn (1997): Kommunal forvaltning og planlegging. 3.utgåve. Oslo: Samlaget

Brunnsson, Nils & Andersson, Kerstin S. (2000): Constructing Organizations: The example of Public Sector Reform. Organization studies 2000, 21/4 s. 721-746.

Eriksen, Erik Oddvar (1999): Kommunikativ ledelse : om verdier og styring i offentlig sektor. Bergen-Sandviken: Fagbokforlaget

Ertzaas, Ulf (1995): Arbeidsmiljøloven. Oslo: Ad Notam Gyldendal

Grimsø, Rigmor (1996): Personaladministrasjon.Teori og Praksis. Oslo: Universitetsforlaget

Grønhaug, K., O. Hellesøy og G. Kaufmann (2001). Ledelse i teori og praksis. Bergen: Fagbokforlaget

Hatch, Mary J. (2001): Organisasjonsteori. Moderne, symbolske og postmoderne perspektiver. Abstrakt Forlag. Oslo. Eller på engelsk i ny og utvidet utgave: Organization Theory. Modern, symbolic, and postmodern perspectives.Oxford University Press. Oxford.

Kile, Svein M. (1991): ”Helsefarlig lederskap”. I Lundberg (red.):  Personalledelse. Oslo: Bedriftsøkonomens forlag

Morgan, Gareth (1991): Organisasjonsbilder. Oslo: Universitetsforlaget.

Røvik, Kjell A. (1998): Moderne organisasjoner.Trender i organisasjonstenkingen ved tusenårsskiftet. Fagbokforlaget, Bergen (særlig kap. 1, 2, 6, og 7 (78 sider))

Strand, Torodd (2001): Ledelse, organisasjon og kultur, Fagbokforlaget, Bergen (Del I og II s. 11-196)

I tillegg bør studentane gjere seg kjende med organisasjonsplanar, stillingsinstruksar og personalreglement i eigen organisasjon