Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR6-501 Styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar  

OR6-501 Styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar

Kode
OR6-501

Norsk namn
Styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar

Engelsk namn
Steering, change and management in public organisations

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Fagleg overlapp
Ikkje meir enn 50 % overlapp med OR6-500 Leiing og endring i organisasjonar.

Kategori
Dette er eit obligatorisk emne innan masterprogrammet i organisasjon og leiing. Studieplan 2010-2014.

Semester
6. semester i masterprogrammet

Forkunnskapar

Emnet bygger på den grunnleggande forståinga som blir etablert tidlegare i programmet, og studentane må ha fullført dei første 60 studiepoenga i masterprogrammet før dei byrjar på emnet.

Innhald/oppbygging

Emnet tek opp sentrale omgrep og tema som byråkrati, post-byråkrati, New Public Management, governance, partnarskap, nettverk og nettverksstyring. Det blir gjort greie for eit institusjonelt perspektiv på offentlege organisasjonar og korleis dette kan nyttast i analysen av endring, omstilling og reformer i offentleg sektor. Vidare tek ein opp teoriar om utforming og iverksetjing av offentleg politikk. Spesielt går ein inn på politikkutforming i fleirnivåsystem, og korleis denne dannar ein kontekst for leiarar og leiarskap i offentlege organisasjonar. I siste del av emnet er emnet leiarroller og leiarutfordringar i offentleg sektor.

Undervisnings- og læringsformer

Samlingar. Førelesingar og seminar. Skriftleg arbeid

Kompetanse/læringsutbyte
  • Studentane skal ha oversyn over sentrale utviklingstrekk ved offentlege styringsformer i Norge og internasjonalt, og kjennskap til teoriar og omgrep for å analysere desse endringane
  • Studentane skal kunne forstå og analysere organisasjonar generelt og offentleg forvaltning spesielt som institusjonar, og kunne nytte det institusjonelle perspektivet i analysen av endring, omstilling og reformer i offentleg sektor
  • Studentane skal tileigne seg ei fagleg forståing av korleis offentleg politikk blir utforma og iverksett.
  • Studentane skal kjenne til hovudtrekk i styring, reformer og endring på tvers av forvaltningsnivå, og kunne gjennomføre ein fagleg analyse av slike fleirnivåsystem
  • Studentane skal ha oppdatert kjennskap til forskinga om endra leiarroller i offentleg sektor. Med utgangspunkt i dette og dei ovannemnde ferdigheitene og kunnskapane skal studentane vere i stand til å analysere konteksten for leiing og utfordringar for leiarar i profesjonssektorane i offentleg forvaltning
Arbeidskrav

Arbeidskrav 6: Læringsdokument i form av 4 korte refleksjonsnotat utarbeidd mellom samlingane

Sluttvurdering

OR6-501

ME Mappe som inneheld:

  1. Individuell oppgåve som drøftar teori(ar) med relevans for masterprosjektet
  2. Individuelt notat som drøftar eigen læringsprosess med utgangspunkt i arbeidskrav 6

Innlevering innan dato som vert gjort kjend av faglærar.

Bokstavkarakter. Det blir gitt ein samla karakter for begge arbeida.

Pensum
  •  Kjær, A. M. (2004). Governance. Malden, Mass.: Polity. Kap 1-2, 8 (76 s)

Kompendium med desse artiklane (210 s):

  • Andresani, G., & Ferlie, E. (2006). Studying governance within the British public sector and without - Theoretical and methodological issues. Public Management Review, 8(3), 415-431.
  • Llewellyn, Sue 2001: ‘Two-way Windows’: Clinicians as Medical Managers. Organization Studies 22:4 (593 -623, 31 s)
  • Olsen, J. P. (2006). Maybe it is time to rediscover bureaucracy. Journal of Public Administration Research and Theory, 16(1), 1-24.
  • Scott, W. R. (2003). Institutional carriers: reviewing modes of transporting ideas over time and space and considering their consequences. Industrial and Corporate Change, 12(4), 879-894. (16 s)
  • Scott, W. R. (2008). Lords of the dance: Professionals as institutional agents. Organization Studies, 29(2), 219-238.
  •  Scott, W. R. (2008). Approaching adulthood: the maturing of institutional theory. Theory and Society, 37(5), 427-442.
  • Stoker, G. (2006). Public Value Management: A New Narrative for Networked Governance? The American Review of Public Administration, 36(1), 41-57.
  • Sørensen, E., & Torfing, J. (2009). Making governance networks effective and democratic through metagovernance. Public Administration, 87(2), 234-258.

Alle førelesingar og aktivitetar knytt til førelesingane er å sjå på som pensum.

Pensum skal avspegle den aktuelle forskingslitteraturen på området, og kan bli revidert fram til emnestart.

Pensum sist oppdatert av
Oddbjørn Bukve

Pensum sist oppdatert dato
13. mars 2010

Sist revidert av
Oddbjørn Bukve

Sist revidert dato
13. mars 2010