Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR6-401 Leiing og endring i organisasjonar  

OR6-401 Leiing og endring i organisasjonar

Kode
OR6-401

Norsk namn
Leiing og endring i organisasjonar

Engelsk namn
Leadership and change in organisations

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Fagleg overlapp
50 % overlapp med OR6-400 Organisasjon og leiing

Kategori
Obligatorisk emne i masterstudiet i organisasjon og leiing. Obligatorisk emne i årsstudia i utdanningsleiing og helse- og velferdsleiing.
Studieplan 2010-2014.

Semester
Første semester i masterstudiet i organisasjon og leiing/årsstudia

Forkunnskapar

Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.

Innhald/oppbygging

Emnet tek opp eit utval problemstillingar og tema som er relevant for alle organisasjonar og organisasjonstypar. Relevansen for eigen organisasjon skal synleggjerast gjennom studentanes praktiske tilnærming til lærestoffet. Grunnleggjande tema og problemstillingane er: Perspektiv på organisasjonar, organisasjonsstruktur, organisasjonar og omverd, organisasjonskultur, leiing og teoriar om leiing, kommunikasjon og læring i organisasjonar.

Undervisnings- og læringsformer

Deltakaranes erfaringar og dermed eksisterande organisasjonsforståing skal utfordrast gjennom arbeid med relevant teori og alternative perspektiv. Emnet er lagt opp som eit deltidsstudium med ein kombinasjon av fysiske samlingar (ca. 20 - 40 timer i fellessamlingar) og nettbasert arbeid. I samlingane vekslar ein mellom førelesningar, øvingar og diskusjonar.

Kompetanse/læringsutbyte

Målet er at studentane skal lære å sjå eigen organisasjon gjennom organisasjonsteoretiske omgrep. Studentane skal tileigne seg ei forståing av korleis organisasjonar fungerer, internt og i forhold til omverda. Dette inneber å lære om problemområde, hypotesar og undersøkingar der oppbygging av organisasjonar og deira verkemåte er sentrale. Studentane skal utvikle forståing for korleis leiarrolla kan variere i ulike organisatoriske kontekstar og korleis dette legg føringar på endrings- og læringsprosessar.

Arbeidskrav

A-krav nr. 1: Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet.

Sluttvurdering

OR6-401

ME Mappevurdering. Oppgåva er å lage eit dokument der eit organisasjonsproblem eller ei utfordring på eigen arbeidsplass blir drøfta ut frå pensum. Innleveringsfristen og andre formelle krav til innleveringa blir gjort kjend av faglærar. Arbeidet kan vere individuelt, eller i gruppe på maksimalt 3 studentar. Rettleiande vil eit individuelt arbeid vere på maksimalt 10 sider, medan eit gruppearbeid kan innehalde inntil 20 sider.

Bokstavkarakter.

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast innan gitte fristar.

Pensum

Alle førelesingar og aktivitetar knytt til førelesingane er å sjå på som pensum.

NB! Pensum kan bli revidert fram mot emnestart.

Pensum sist oppdatert av
Åge Vebostad

Pensum sist oppdatert dato
3. april 2010

Sist revidert av
Åge Vebostad

Sist revidert dato
3. april 2010