OR6-302 Endringsleiing

Kode
OR6-302

Norsk namn
Endringsleiing

Engelsk namn
Change Management

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Valfritt emne i 6. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon.

Semester
Vår

Forkunnskapar

Kjennskap til organisasjonsteori og føretaksstrategi tilsvarande kursa OR6-101 og OR6-202.

Innhald/oppbygging

I fyrste delen av kurset vert det fokusert på teoriar om leiing. Det vert sett på den historiske utviklinga av leiingsteoriane, samt at det vert sett på leiing frå ulike perspektiv for å freiste å få ei oversikt over dei mest sentrale emna innan dette fagfeltet.

I den andre delen er målet å sjå meir spesifikt på leiing av endringar. Det vert sett på korleis endringsprosessar vert påverka av endringa sitt innhald og omfang, samt innanfor kva kontekst endringa skjer.

Tredje delen av kurset vert ein praksisdel, der studentane gjennom bedriftsbesøk og intervju skal analysere og evaluere to ulike organisasjonar med omsyn til kva type leiing som vert utøvd i desse organisasjonane.

Fjerde delen av kurset vert ein oppsummeringsdel, der det vert reflektert rundt teoriane og dei erfaringane studentane har gjort i casearbeidet. Denne delen vert også ei førebuing til eksamen.

Forelesingane fokuserer på følgjande tema:

  • Leiingshistorie
  • Ulike leiingsteoriar
  • Ulike perspektiv på leiing
  • Organisasjonsendringar
  • Drivkrefter for endring
  • Endringa sitt innhald og omfang
  • Endringa sin kontekst
  • Endringsprosessen
  • Leiing av endringsprosessen
Undervisnings- og læringsformer

Emnet legg opp til tradisjonelle førelesingar og læring gjennom studentaktivitet:

  • Del ein og to vert prega av tradisjonelle førelesingar, med gjesteførelesarar for å illustrere teoriane med relevante case.
  • Del tre kjem til å basere seg på gruppearbeid saman med dei andre studentane og faglærar.
  • Del fire blir tradisjonelle førelesingar att, med plenumsdiskusjonar og utveksling av erfaringar.
Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:

  • Ha eitt breitt oversyn over fagfeltet og kunne gjere greie for grunnleggjande omgrep, teoriar og modellar innanfor leiingsfaget
  • Forstå kva handlingsrom leiarar kan skaffe seg og kva avgrensingar leiarar har i forhold til å få til endringar i ulike organisasjonar
  • Kunne analysere og drøfte praktiske problemstillingar i ulike organisasjonar med utganspunkt i moderne teoriar og modellar innan leiingsfaget
  • Gjere sjølvstendige refleksjonar knytt til etisk leiing
Arbeidskrav

Arbeidskravet i faget vert å presentere analysen sin i etterkant av den tredje delen for faglærar og representantar frå dei to organisasjonane.

Sluttvurdering

ME Ei presentasjonsmappe utgjer vurderingsgrunnlaget. Det blir gitt ein samla bokstavkarakter på presentasjonsmappa til studenten.

Presentasjonsmappa skal innehalde:

  • ei skriftleg oppgåve, individuelt eller grupper på inntil tre studentar
  • eit refleksjonsnotat, individuelt

Rettleiande tel den skriftleg oppgåva 75% og refleksjonsnotatet 25%.

Studentar som stryk kan levere inn ny presentasjonsmappe basert på individuell forbetring av skriftleg oppgåve og refleksjonsnotat.

Pensum

(med atterhald om endringar)

Pensum sist oppdatert av
Harald Mundal

Pensum sist oppdatert dato
17.03.2010

Sist revidert av
Harald Mundal

Sist revidert dato
17.06.2010