OR6-301 Prosjektleiing

Kode
OR6-301

Norsk namn
Prosjektleiing

Engelsk namn
Project Management

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Valfritt emne på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og reiselivsledelse.


Semester
Haust

Innhald/oppbygging

Emnet er delt opp i fire hovuddelar:

Del 1 Kva er eit prosjekt?

Innhald: Historisk utvikling i bruk av prosjektorganisering. Innsikt i prosjektorganisering og arbeidsmåtar i prosjekt, samansetjing og utvikling av team og gruppeprosessar.

Del 2 Innføring i og bruk av prosjektstyringsverktøy

Innhald: Innføring i og bruk av verktøy for å styre og leie prosjekt. Vurdering av ulike kvalitetar til prosjektstyringsverktøy. Praktisk bruk av prosjektstyringsverktøy vil inngå i denne bolken.

Del 3 Prosjektleiing

Innhald: Spesielle utfordringar med leiing av prosjekt, leiarolla i prosjekt, teamleiing og coaching. Styring av framdrift, ressursar og risiko. Vidare vert læring, kompetanseoverføring og evaluering tema i denne bolken.

Del 4 Studentprosjekt

Innhald: Studentane skal arbeide med ei større oppgåve som tek for seg leiing, organisering, og styring av eit prosjekt. Studentane skal nytte kunnskap frå del 1, 2 og 3 til å byggje opp denne oppgåva. Arbeidet blir organisert med rettleiing og gruppearbeid.

 

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteførelesingar, sjølvstudium, og gruppeøvingar. Fordjuping skal studentane få gjennom arbeid med oppgåva. Det vert noko obligatorisk undervisning knytt til del 2.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal vite kva eit prosjekt er og utvikling innan bruk av prosjektarbeid i næringsliv og forvaltning nasjonalt og internasjonalt. Studentane skal forstå fortrinn og ulemper med prosjektorganisering og kunne gjere greie for strategiske val i høve til organisering av prosjekt.

Studentane skal kunne bruke eitt eller fleire elektroniske prosjektstyringsverktøy og gjere greie for kriterium for val av prosjektstyringsverktøy.

Studentane skal kunne delta som prosjektmedarbeidarar eller -leiarar i prosjekt som blir gjennomførte i samband med utviklingsarbeid i bedrifter og institusjonar.

Studentane skal forstå gruppeprosessar, utvikling i team og gjere greie for teori om team, coaching og teamleiing.

Arbeidskrav

Arbeidskrav 1 Innlevert prosjektskisse innan dato fastsett av faglærar

Arbeidskrav 2 Presentasjon av prosjektstyringsverktøy

Sluttvurdering

SV

Studentane skal gjennom heile semesteret arbeide med ei større gruppeoppgåve (prosjektarbeid) til mappe. Gruppeoppgåva skal vere innlevert 2 veker før skriftleg eksamen.

Det blir gjeve ein samla karakter for mappa og munnleg eksamen.

ME Mappevurdering, vekting 33% 

Gruppeoppgåve  (maks 5 sider)  - og eigenevaluering (maks 3 sider) av prosjektet

MU Munnleg eksamen, vekting 67%

Ved karakteren F på mappa vil ein ikkje kunne gå opp til munnleg eksamen (ny mappe må leverast).  Ved stryk på munnleg vil ein kunne prøvast på nytt til munnleg eksamen.

Pensum

Harald Westhagen, Ole G. Faafeng, Kjell Gunnar Hoff, Tor Kjeldsen og Erik Røine: Prosjektarbeid Utviklings- og endringskompetanse, 6. utg. Gyldendal, Oslo, 2010.

Rune Assmann: Teamorganisering, veien til meir fleksible organisasjoner. Fagbokforlaget, Bergen, 2008.

Leif Longvanes: Prosjektleiing. Undervisningskompendium HSF, Sogndal 2009.

Anbefalt tilleggslitteratur:

Erling S Andersen, Kristoffer V Grude og Tor Haug: Målrettet prosjektstyring. NKI Forlaget, Oslo, 2009.

Pensum sist oppdatert av
Leif Longvanes

Pensum sist oppdatert dato
01.08.09

Sist revidert av
Leif Longvanes

Sist revidert dato
12.05.2010