Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR6-202 Føretaksstrategi  

OR6-202 Føretaksstrategi

Kode
OR6-202

Norsk namn
Føretaksstrategi

Engelsk namn
Business Strategy

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, eiendomsmegling og reiselivsledelse.

Semester
Haust

Forkunnskapar

Gjennomført OR6-102 og OR6-101 eller tilsvarande grunnleggjande innføring i marknadsføring og organisasjon.

Innhald/oppbygging

Fyrste del av kurset skal gje studentane ei teoretisk innføring i strategifaget. Det er lagt opp til eit tradisjonelt innhald, men i analysedelen freistar vi å byggje på dei ulike perspektiva studentane har med seg frå innføringskurset i organisasjonskunnskap. Det vert brukt gjesteførelesarar for å illustrere teoriane med relevante case.

Andre delen av kurset skal freiste å gje studentane betre kjennskap til teorien ved at dei skal bruke den på utvalde bedrifter, og utføre ei strategisk analyse for den valde bedrifta.

Tredje delen av kurset vert ein oppsummeringsdel, der det vert reflektert rundt teoriane og dei erfaringane studentane har gjort i casearbeidet. Denne delen vert også ei førebuing til eksamen.

Førelesingane fokuserer på følgjande tema:

  • Kva er føretaksstrategi?
  • Visjon, forretningsidé og mål
  • Verdiskaping
  • Konkurransefortrinn
  • Konkurranse og samarbeid
  • Intern analyse
  • Ekstern analyse
  • Val av strategi
  • Implementering av strategi
Undervisnings- og læringsformer

Emnet legg opp til tradisjonelle førelesingar og læring gjennom studentaktivitet:

  • Del ein vert prega av tradisjonelle førelesingar for å få innsikt i faget.
  • Del to kjem til å basere seg meir på studentaktive læringsformer.
Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:

  • Ha eit breitt oversyn over fagfeltet og kunne gjere greie for grunnleggjande omgrep, teoriar og modellar innanfor strategifaget
  • Forstå korleis bedrifter og organisasjonar aktivt kan tilpasse seg sine omgjevnader gjennom planlegging, analyse og gjennomføring av strategiar.
  • Kunne analysere og drøfte praktiske problemstillingar i ulike organisasjonar med utganspunkt i moderne teoriar og modellar innan strategifaget
  • Gjere sjølvstendige refleksjonar knytt til etiske strategiar
Arbeidskrav

To oppgåver

Sluttvurdering

ME Ei presentasjonsmappe utgjer vurderingsgrunnlaget. Det vert gitt ein samla bokstavkarakter på presentasjonsmappa til studenten.

Presentasjonsmappa skal innehalde:

  • skriftleg strategicase individuelt eller i gruppe på inntil tre studentar
  • to medstudentevalueringar, individuelt eller i gruppe på inntil tre studentar
  • individuelt refleksjonsnotat 

Rettleiande tel strategicase 60 % av karakteren, dei to medstudentevalueringane 20 % og refleksjonsnotatet 20 %.

Studentar som stryk kan levere inn ny presentasjonsmappe basert på individuell forbetring av skriftleg strategicase, medstudentevalueringar og refleksjonsnotat.

Pensum

Jay Barney: Gaining and Sustaining Competitive Advantage

Pensum sist oppdatert av
Harald Mundal

Pensum sist oppdatert dato
17.03.2010

Godkjent av
Leif Longvanes