Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR6-210 Kreativitet og idéutvikling  

OR6-210 Kreativitet og idéutvikling

Kode
OR6-210

Norsk namn
Kreativitet og idéutvikling

Engelsk namn
Creativity and Idea Development

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Valfritt emne på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og reiselivsledelse.

Semester
Haust

Innhald/oppbygging

I dette emnet legg ein vekt på å utvikle studentanes sine kreative evner og lære dei korleis dei kan jobbe systematisk med å byggje nettverk. Studentane skal få ei brei oversikt over ulike kjelder til idear og korleis ein kan jobbe med desse for å utvikle dei til forretningsidear. Vidare skal studentane lære korleis samansetjinga av nettverket kan vere med på å påverke tilgangen til idear og ressursar for å realisere forretningsideen.

Vi legg opp til aktivitetar på tre område:

- Øvingar knytt til kreativitet og nettverk
- Kontakt med entreprenørar gjennom for eksempel bedriftsbesøk eller gjesteførelesingar
- Gruppearbeid: Utarbeiding og presentasjon av ein konkret forretningsidé

Tema:

  • Kreativitet og kreative prosessar
  • Forretningsidé
  • Sosial-, kulturell og finansiell kapital
  • Immateriell rett
Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, gjesteførelesingar, praktiske øvingar, gruppearbeid og studentpresentasjonar der studentar enkeltvis eller i grupper legg fram resultat frå arbeid med ulike oppgåver eller problemstillingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:

  • kjenne til ulike kreativitetsteknikkar og korleis dei kreative prosessane fungerer
  • kunne utarbeide ein forretningsidé og presentere denne for potensielle interessentar på ein overtydande måte
  • ha oversikt over kva vi legg i omgrepa sosial og kulturell kapital og kunne gjere greie for korleis ein kan nytte kunnskap og nettverk i kreativitets- og forretningsarbeid
  • vite korleis ein kan jobbe systematisk med å byggje eit nettverk som kan hjelpe deg både med å finne forretningsidear og realisere desse
  • ha innsikt i kva som er skilnaden på ein idé og ein forretningsidé, vite kva som kjenneteiknar gode forretningsidear
  • gjennom praktiske øvingar ha utvikla sine kreative evner og fått djupare innsikt i kva som skal til for å starte og drive nye bedrifter, spesielt med tanke på dei ulike formene for kapital
  • kunne drøfte korleis sosial-, kulturell- og finansiell kapital kan påverke utviklinga av ein forretningsidé og realiseringa av denne
  • ha kunnskapar om korleis ein kan sikre opphavsrettar, åndsverk og tenester gjennom patent, varemerke og vern av design, og dessutan vite kvifor det er viktig med denne type vern
Ekskursjonar

Ein prøver å gjennomføra to bedriftsbesøk, bedriftspresentasjonar eller gjesteførelesingar.

Arbeidskrav

Frammøte og deltaking på dei praktiske øvingane og bedriftsbesøka. Studentane skal også levere inn inntil ei skriftleg oppgåve. Kva som heilt konkret krevst i form av oppmøte og deltaking for å oppfylle arbeidskravet, vil bli opplyst ved semesterstart.

Sluttvurdering

ME Ei presentasjonsmappe utgjer vurderingsgrunnlaget. Det blir gitt ein samla bokstavkarakter på presentasjonsmappa til studenten.

Presentasjonsmappa skal innehalde:

  • ei fagoppgåve skriven i grupper på to eller tre studentar 
  • ei individuell læringsdagbok knytt til dei praktiske øvingane

Rettleiande tel fagoppgåva 65% og læringsdagboka 35%. Studentar som stryk, kan levera inn ei forbetra utgåve av mappa basert på individuell forbetring av fagoppgåva og  læringsdagbok, eller ta emnet på nytt.  

Pensum

Er under utvikling.

Døme på relevant litteratur:
Tilrådd tilleggslitteratur:
Pensum sist oppdatert av
Veronika Trengereid

Pensum sist oppdatert dato
06.04.2010

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
23.06.2010