Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR6-211 Næringsutvikling og omstillingsarbeid  

OR6-211 Næringsutvikling og omstillingsarbeid

Kode
OR6-211

Norsk namn
Næringsutvikling og omstillingsarbeid

Engelsk namn
Regional and Local Business Development

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Fagleg overlapp
80 % overlapp med OR6-200 Entreprenørskap og Innovasjon
80 % overlapp med OR6-208 Entreprenørskap og innovasjon

Kategori
Valfritt emne i 5. semester på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon og reiselivsledelse.



Semester
Haust

Forkunnskapar

Det er ein føresetnad at dei som vel emnet, har kjennskap til organisasjonsfag og føretaksstrategi som svarer til dei to første åra av bachelorgraden i økonomi og administrasjon.

Innhald/oppbygging

I dette emnet skal vi sjå på korleis teoriar knytt til entreprenørskap og innovasjon kan vere med på å bidra til næringsutvikling. Vi ser både på korleis kommunar, regionar og land kan oppretthalde konkurransekrafta og oppnå vekst både generelt og innanfor enkelte bransjar. Utgangspunktet for emnet er eksisterande kunnskap og forsking som tilsette ved HSF har gjennomført, blant anna på såkalla omstillingskommunar . Studentane skal i løpet av dette emnet øvast opp til å tenkje kritisk, til å stille spørsmål og til å reflektere. I løpet av emnet skal studentane sjølve vere med på å utføre eit lite forskingsprosjekt. Emnet vert delt inn i 3 delar: entreprenørskap, innovasjon og næringsutviklking og omstilling.

I den første delen ser vi på omgrepet entreprenørskap og nokre av den nyaste forskinga knytt til faktorar som kan forklare den entreprenørielle aktiviteten i ein kommune, region eller land. Vidare ser vi på flaskehalsar entreprenøren møter og kva tiltak som kan setjast i verk for både å auke den entreprenørielle aktiviteten og for å få fleire til å lykkast med etableringar.

I den andre delen vil vi starte med å sjå på omgrepet innovasjon, så vil vi fokusere på ulike teoriar som prøver å forklare kvifor nokre område er meir innovative enn andre. Vi ser her spesielt på system-, klynge- og geografisk teori som prøver å forklare dette.

I den tredje og siste delen av emnet skal vi sjå på korleis ein kan nytte denne kunnskapen i arbeidet med næringsutvikling i kommunar, regionar eller for eksempel land. Vi skal også gjennomføre ein studie av korleis omstillingskommunar og fylkeskommunen arbeider med å styrkje næringsutviklinga i kommunar med tap av arbeidsplassar og redusert næringsaktivitet. Studentane skal saman med rettleiar gjennomføre eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei tilråding til omstillingskommunen. Denne tilrådinga skal leggast fram som ein del av arbeidskravet i dette emnet.

Her er ei oversikt over aktuelle tema som vert tekne opp i dette emnet:

  • Omgrepsavklaring: Kva er entreprenørskap? Kva er innovasjon?
  • Empiri: Korleis står det til med entreprenørskap og innovasjon i Noreg?
  • Nyare teoriar knytt til entreprenørskap og innovasjon
  • Teori og empiri når det gjeld regional og lokal næringsutvikling
  • Nasjonale og regionale innovasjonssystem, innovasjonspolitikk
  • Undervegs: Vekt på presentasjon av verktøy for analyse av konkrete case (t.d. knytte til nyetableringar, lokal næringsutvikling eller regionale innovasjonssystem)
Undervisnings- og læringsformer

I dette emnet legg vi vekt på at undervisninga skal vere såkalla forskingsbasert. Det vil seie at vi legg vekt på at studentane skal øvast opp til å stille spørsmål, reflektere og øve opp evna til kritisk tenking. Dette gjer vi ved å leggje vekt på at studentane skal vere aktive på førelesingane, jobbe i grupper og ved å ha presentasjonar der studentar enkeltvis eller i grupper legg fram resultat frå arbeid med ulike oppgåver eller problemstillingar.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane:

  • kjenne det teoretiske grunnlaget for problemstillingar innan entreprenørskap og innovasjon
  • ha kjennskap til status for norsk og internasjonal forsking på området
  • ha innsikt i faktorar som er avgjerande for å lukkast med næringsutvikling, både i enkeltverksemder og på lokalt og regionalt nivå
  • kjenne til og ta i bruk verktøy for å analysere konkrete case innan området entreprenørskap og innovasjon
  • vere i stand til å tenkje kritisk, reflektere og stille spørsmål til dei teoriane som finst og til den forskinga som vert gjort
  • vere i stand til å finne og nytte relevant fagstoff både i studiesituasjonen og etter fullført studium
Arbeidskrav

Deltaking i eit forskingsprosjekt og ein munnleg presentasjon. Kva som konkret krevst av deltaking vert oppgjeve ved semesterstart.  

Sluttvurdering

Skriftleg skuleeksamen 5 timar.

Lovlege hjelpemiddel på eksamen er: Noregs lover, lovsamling eller særtrykk av lover og reine rettskrivingsordlister.

Pensum

To kompendium:

  • Nesse, Jon Gunnar og Veronika Trengereid: Entreprenørskap. Undervisningskompendium HSF, Kjem nytt hausten 2010.
  • Trengereid, Veronika og Jon Gunnar Nesse: Innovasjon. Undervisningskompendium HSF, Kjem nytt hausten 2010.

Tilgjengeleg via internett (lenke vil bli lagt ut i Fronter):

  • Den norske GEM-rapporten (Global Entrepreneurship Monitor), utgitt av Lars Kolvereid med fleire.
  • Indikatorrapporten, utgitt av NIFU STEP
Pensum sist oppdatert av
Veronika Trengereid

Pensum sist oppdatert dato
02.07.2010

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
23.06.2010