Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / OR6-102 Marknadsføring  

OR6-102 Marknadsføring

Kode
OR6-102

Norsk namn
Marknadsføring

Engelsk namn
Marketing

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Obligatorisk emne på bachelorstudiet i økonomi og administrasjon, reiselivsledelse, eigendomsmegling, og årsstudium i bedriftsøkonomi og reiseliv.
Valfritt emne på bachelorstudiet i fornybar energi.


Semester
Vår

Innhald/oppbygging

Første del av emnet har fokus på å gi studentane eit breitt oversyn over fagfeltet og gi dei innsikt i nokre grunnleggjande omgrep, teoriar og modellar innanfor marknadsføringsfaget. For å betre forståinga av dei ulike omgrepa, fagfeltet og samanhengane lagar studentane eit nettleksikon. Der skal dei få innsikt i breidda i fagfeltet, kunne forklare dei ulike omgrepa til andre og vise korleis dei ulike omgrepa heng saman. Arbeidet med å lage og utvikle nettleksikonet er knytt til det første arbeidskravet. Studentane vert testa i denne delen av emnet gjennom ein fleirvalseksamen innan dei er ferdige med første del av emnet.

Andre del av emnet har fokus på å lære studentane å analysere og drøfte praktiske problemstillingar knytt til marknadsføringsfaget. I desse drøftingane skal studentane også kunne gjere sjølvstendige refleksjonar knytt til etisk marknadsføring. Innhenting og bruk av marknadsinformasjon og marknadsplanlegging vil vere spesielt relevant i denne samanhengen. Studentane skal blant anna kunne lage enkle marknadsplanar, kjenne til og kunne bruke nokre av dei moderne digitale marknadskanalane, som for eksempel blogg. I denne delen jobbar ein med caseoppgåve på dei ulike problemstillingane innanfor marknadsføringsemnet. Studentane skal også lære korleis ein jobbar med caseoppgåver, samlar inn informasjon, analyserer og drøftar dei ulike problemstillingane. Det siste arbeidskravet er knytt til denne delen av emnet og skal leverast inn i grupper på 3-5 studentar. Sluttvurderinga er ein skriftleg heimeeksamen.

Førelesingane set søkjelyset på følgjande tema:

  • Marknadsføring som omgrep, praksis og fagområde
  • Marknadsføringsleiing
  • Juridiske rammevilkår
  • Marknadsanalyse
  • Kjøpsåtferd
  • Segmentering og posisjonering
  • Produkt og produktutvikling
  • Distribusjon
  • Prispolitikk
  • Marknadskommunikasjon
  • Merkevarebygging
  • Marknadsplan
  • Nettsider/Blogg/ E-handel
  • Tenestemarknadsføring
Undervisnings- og læringsformer

Emnet legg opp til læring gjennom studentaktivitet. Bruk av internettleksikon og det å jobbe med praktiske problem gjennom casearbeid er viktig i dette emnet. I tillegg er det viktig med sjølvsstudium og arbeid i grupper mellom førelesingane. Førelesingane skal dekkje dei mest sentrale delane av emnet og skal vere ei støtte til det andre arbeidet som studentane skal leggje ned i dette emnet.

Kompetanse/læringsutbyte

Studentane skal:

  • Ha eitt breitt oversyn over fagfeltet og kunne gjere greie for grunnleggjande omgrep, teoriar og modellar innanfor marknadsføringsfaget.
  • Forstå korleis bedrifter og organisasjonar aktivt kan tilpasse seg sine omgjevnader gjennom planlegging, marknadsanalysar og utforming av marknadsinnsats.
  • Kunne analysere og drøfte praktiske problemstillingar i ulike organisasjonar med utganspunkt i moderne teoriar og modellar innanfor marknadsføringsfaget.
  • Gjere sjølvstendige refleksjonar knytt til etisk marknadsføring.
Arbeidskrav

Det skal leverast inn to oppgåver til godkjenning. Minst ei av oppgåvene skal gjerast i gruppe på to til tre personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga.

Sluttvurdering

VS

001 Ein skuleeksamen i løpet av semesteret, ei fleirvalsprøve som varer i 45 minuttar. Denne tel 33 %.

002 Ein avsuttande heimeeksamen i grupper på 3-5 studentar på 24 timar. Denne tel 67%.

Den endelege karakteren vil representere eit vekta gjennomsnitt av resultata frå dei to eksamenane. Kandidatar som stryk til eksamen i ein av delane, går opp att til eksamen i berre denne delen.

Pensum

 Runar Framnes, Arve Pettersen og Hans Mathias Thjømøe (2006). Markedsføringsledelse, 7 utg. Universitetsforlaget, Oslo. + 3 artiklar

Pensum sist oppdatert av
Veronika Trengereid

Pensum sist oppdatert dato
04.01.2010

Godkjent av
Leif Longvanes