Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / MR 690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing  

MR 690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing

Kode
MR 690

Norsk namn
Masteroppgåve i organisasjon og leiing

Engelsk namn
Master's Thesis in Organisation and Management

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
30,00

Kategori
Det avsluttande emnet i masterstudiet i organisasjon og leiing. Emnet er obligatorisk i masterstudiet i organisasjon og leiing.
Studieplan 2010-14

Semester
Dei to siste semester i masterprogrammet.

Forkunnskapar

Gjennomført alle andre emne i studieplanen for master i organisasjon og leiing.

Innhald/oppbygging

Problemstillinga i masteroppgåva bør vanlegvis ta utgangspunkt i ei problemstilling knytt til offentleg verksemd. Den kan gjerne vere knytt til eit arbeidsområde studenten sjølv har erfaring med. Oppgåva kan gjennomførast som ei empirisk undersøking knytt til det valde problemområdet, eller som eit analytisk arbeid. Oppgåva inneber sjølvstendig arbeid der det vert gjeve individuell rettleiing.

Undervisnings- og læringsformer

I byrjinga av emnet vert det og halde ei samling med oppgåveskriving som emne. Når studenten har valt emne for oppgåva, får han/ho tildelt ein rettleiar. Emnet for oppgåva skal godkjennast av faglærar. Undervisninga skjer i stor grad gjennom individuell rettleiing, men på samlingar må studentane leggje fram og drøfte tema frå masteroppgåva for/med medstudentar. Kontakt med faglærar/rettleiar via Fronter. Individuell tilpassing.

Kompetanse/læringsutbyte

Gjennom arbeidet med oppgåva skal studentane lære å:

  • bruke vitskaplege metodar på ei bruksretta problemstilling
  • avgrense og operasjonalisere ei komplisert problemstilling
  • arbeidet med empiriske data frå organisasjons- og arbeidsliv
  • presentere empiriske data eller analytiske resonnement på ein samanhengande måte
  • analysere empiriske data gjennom relevant teori
Arbeidskrav

Arbeidskrav 7: Idéskisse for masteroppgåve. Skriftleg eller munnleg presentasjon

Arbeidskrav 8: Munnleg presentasjon av masterprosjektet for rettleiarar og medstudentar

Sluttvurdering

Individuell oppgåve med ekstern vurdering. Bokstavkarakter.

Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast innan gitt frist.

Pensum

Ikkje eige pensum. Studentane legg sjølve opp litteratur gjennom arbeidet med oppgåva.

Sist revidert av
Oddbjørn Bukve

Sist revidert dato
13. mars 2010