Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / ME6-500 Forskingsstrategiar og metode  

ME6-500 Forskingsstrategiar og metode

Kode
ME6-500

Norsk namn
Forskingsstrategiar og metode

Engelsk namn
Research strategies and methods

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
15,00

Kategori
Dette er eit obligatorisk emne innan masterprogrammet i organisasjon og leiing. Studieplan 2010-2014

Semester
5. og 6. semester i masterprogrammet

Forkunnskapar

Emnet inngår som ein viktig del av førebuinga til skriving av masteroppgåve. Det bygger på den grunnleggande forståing som blir etablert tidlegare i programmet, og studentane må ha fullført dei første 60 studiepoenga i masterprogrammet før dei byrjar på emnet.

Innhald/oppbygging

Emnet dannar bakgrunn for arbeidet med masteroppgåva og handlar om vitskapsteori og samfunnsvitskaplege metodar. Emnet gjev oversyn over hovudtema som: Kva er vitskapleg kunnskap? Den språklege vendinga i kunnskapsteorien (epistemologien). Nokre vitskapsfilosofiske retningar og utviklingstrekk. Forklaring og forståing. Om å strukturere arbeidet med ei forskingsoppgåve. Ulike forskingsdesign. Fasar i ein forskingsprosess. Generelt om kvalitativ metode. Design av kvalitative studiar. Enkeltcase og komparative case. Innsamling av kvalitative data: Observasjon, intervju og dokument. Analyse av kvalitative data. Casestudiar og generalisering. Strukturerte spørjeundersøkingar. Generelt om kvantitativ dataanalyse og bruk av statistisk programvare. Dataanalyse: Beskriving av enkeltvariablar, tabellanalyse og korrelasjon. Samansette mål: Skalaer og indeksar. Analysar av gjennomsnitt: t-testar og variansanalyse. Regresjonsanalyse.

Undervisnings- og læringsformer

Samlingar. Forelesingar, øvingsoppgåver og gjennomgang av døme på forskingsprosjekt

Kompetanse/læringsutbyte

Etter avslutta emne skal studentane:

  • kjenne til sentrale diskursar og tilnærmingsmåtar i vitskapsfilosofien
  • vere i stand til å gjere greie for ulike forskingsstrategiar og velje design for eit forskingsprosjekt
  • kunne vurdere grunnleggande forskingsetiske problem i klient- og individretta studiar
  • kunne gjere greie for dei ulike fasane i forskingsprosessar
  • kjenne til hovudtrekka i handsaminga av kvantitative og kvalitative data
  • kjenne dei vanlege metodiske innfallsvinklane i studiet av formelle organisasjonar
Arbeidskrav

Arbeidskrav 4 og 5: To innleverte oppgåveløysingar i løpet av emnet

Sluttvurdering

Mappevurdering. Mappa skal innehalde ei metodeskisse med relevans for masteroppgåva. Omfang ca. 10 sider. Endeleg dato vert gjort kjend av faglærar.
Karakter: Greidd/ ikkje greidd.

Ved «ikkje greidd» kan omarbeidd tekst leverast innan gitt frist.

Pensum

Kompendium i forskingsstrategiar og metode med desse artiklane (81s):

Alle førelesingar og aktivitetar knytt til førelesingane er å sjå på som pensum.

NB! Pensum kan bli revidert fram mot emnestart.

Pensum sist oppdatert av
Oddbjørn Bukve

Pensum sist oppdatert dato
13. mars 2010

Sist revidert av
Oddbjørn Bukve

Sist revidert dato
13. mars 2010