ME6-202 Statistikk

Kode
ME6-202

Norsk namn
Statistikk

Engelsk namn
Statistics

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
5,00

Fagleg overlapp
ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk 50%. Vert ikkje godkjent saman med emnet ME6-201 Samfunnsvitskapleg metode

Kategori
Valemne for dei som har fått godkjent metodeemnet tatt ved andre høgskular, og som kan erstatte ME6-200

Semester
Haust

Forkunnskapar

Ingen spesielle, men det er ein fordel å ha gjennomgått kurset MA 6-100, Matematikk.

Innhald/oppbygging

Vi kjem til å behandle både analytisk og beskrivande statistikk. Rekneark (EXCEL) vil vere eit nødvendig hjelpemiddel.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing. I tillegg vert det dataøvingar som krev aktiv deltaking frå studentane.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha fullført statistikkdelen skal studentane kunne nytte både parametriske og ikkje-parametriske metodar for å analysere eit kvantitativt datamateriale. Studentane skal og kunne gjennomføre ein multippel regresjonsanalyse og vere i stand til å tolke resultata.

Arbeidskrav

Eitt arbeidskrav der det vert lagt opp til gruppeinnlevering med maksimalt tre personar per gruppe

Sluttvurdering

Individuell heimeeksamen på 24 timar.Bokstavkarakterar.

Pensum

Fred Wenstøp: Statistikk og dataanalyse, 9. utg. Universitetsforlaget i Oslo, 2006.

Pensum sist oppdatert av
Torbjørn Årethun

Pensum sist oppdatert dato
01.07.2010

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
17.06.2010