Studiehandbok 10/11 / Emne / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / ME6-201 Samfunnsvitskapleg metode  

ME6-201 Samfunnsvitskapleg metode

Kode
ME6-201

Norsk namn
Samfunnsvitskapleg metode

Engelsk namn
Methods of social research

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
5,00

Fagleg overlapp
ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk 50%. Emne kan ikkje godkjennast saman med ME6-202 Statistikk

Kategori
Valemne for dei som har fått godkjent statistikkemne tatt ved andre høgskular, og som kan erstatte ME6-200.

Semester
Haust

Forkunnskapar

Ingen spesielle

Innhald/oppbygging

Vi startar med ei innføring i vitskapsteori og forskingsetikk. Så vil vi ta føre oss alle fasane i eit empirisk forskingsprosjekt, frå utvikling av problemstilling til skriving av sluttrapport. Det vil bli undervist både i kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveløysing.

Kompetanse/læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studentane vere innforstått med grunnprinsippa innan tradisjonell forskingsmetode knytt til økonomisk-administrative problem. Dei skal også vere i stand til å gjennomføre enkle undersøkingar og skrive prosjektoppgåve under rettleiing.

Arbeidskrav

 Eitt arbeidskrav der det vert lagt opp til gruppeinnlevering med maksimalt tre personar per gruppe.

Sluttvurdering

Individuell heimeeksamen på 24 timar. Bokstavkarakterar.

Pensum

Geir Gripsrud,  Ulf Henning Olsson og Ragnhild Silkoset: Metode og dataanalyse - med fokus på beslutninger i bedrifter, 2. utg. Høyskoleforlaget, Kristiansand, 2010.

Jon Gunnar Nesse og Veronika Trengereid: Samfunnsvitskapleg metode - kvalitativ metode. Undervisningskompendium HSF, Sogndal, 2010.

Tilleggslitteratur:  

Oppgåvesamling: Metode og dataanalyse, 2. utg.

Pensum sist oppdatert av
Jon Gunnar Nesse og Veronika Trengereid

Pensum sist oppdatert dato
01.07.2010

Sist revidert av
Veronika Trengereid

Sist revidert dato
17.06.2010